Statsråden vil ikkje gripe inn i Biltema-saka

Stavanger kommune gav først løyve til fullsortiments varehus med detaljhandel på Biltema på Forus, men Fylkesmannen i Rogaland klaga på kommunens vedtak fordi det er i strid med nasjonale føringar og regionale planar for etablering og lokalisering av detaljhandel.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.09.2020

Fylkesmannen i Vestland er settefylkesmann i saka og har avslått søknaden i endeleg klagehandsaming. Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup har fått spørsmål om han vil gripe inn i saka og gjere om Fylkesmannen sitt vedtak.

Regionalplan, juridisk bindande kommuneplan og reguleringsplan opnar ikkje opp for detaljhandel på den aktuelle tomta. Etablering av fullsortiments varehus for Biltema på denne tomta har derfor vore avhengig av dispensasjon frå gjeldande regionale og kommunale planar. Saka har vore behandla av settefylkesmann i to omgangar, og blei og vurdert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2018. Departementet vurderte i brev 14. mai 2018 om det var grunnlag for å gjere om vedtaket, men kom til at det ikkje låg føre feil ved fylkesmannens vedtak som tilsa at det var ugyldig.

Kommunal- og moderniseringsministeren si vurdering av saka

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup fekk 3. september 2020 spørsmål frå stortingsrepresentant Roy Steffensen (FrP) om statsråden vil gripe inn overfor Fylkesmannen, slik at Biltema kan få tilby heile sitt varesortiment. Steffensen meiner at Fylkesmannen sitt vedtak bryt med dei næringsdrivande og kommunens sine ønske. 

På bakgrunn av tidlegare saksgang har kommunal- og moderniseringsministeren svart at han ikkje vil gripe inn i saka. Fylkesmannen har treft endeleg vedtak i saka 7. august 2020, og vedtaket kan ikkje reknast som ugyldig.

På spørsmål frå Nettavisen svarer Astrup at "Fylkesmannen forholder seg til reguleringsplaner vedtatt av kommunene. Hvis en kommune regulerer en tomt til plasskrevende handel, så er det fylkesmannens jobb å påse at kommunens reguleringsplan blir ivaretatt. Som oftest reguleres tomter til plasskrevende handel for å støtte opp om sentrumshandelen i konkurransen med bilbaserte kjøpesentre."

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.