Nytt datalagringssenter ved Kalberg utfordrar naturinteresser og jordvern

Fylkesmannen har gitt uttale til planprogram for Time kommuneplan (2019-2030) – fase 2. Vi har særleg kommentert etablering av kraftkrevjande næringsverksemd ved Kalberg, både ut frå omfang og konsekvensar. Slik lokalisering bør vurderast meir overordna for å finne område med lågare konfliktnivå av omsyn m.a. til jordvern og biologisk mangfald.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.06.2020

Planprogrammet er lagt ut på høyring med frist 20.06.2019, og gjeld det området (Kalberg/Frøyland/Kverneland) av arealdelen i kommuneplanen som det blei utsett ved hovudhøyringa av kommuneplanen. Vi har gitt vår uttale til programmet i brev av 18.06.2020. Det er under arbeid ei eiga konsekvensutgreiing knyta til planlagd datalagringsenter på Kalberg, som vil vere grunnlag for komande høyring av planforslaget.

Lokalisering av datalagringsentre er eit regionalt spørsmål

Det har både i seinare tid og tidlegare blitt foreslått ulike areal i fylket for etablering av kraftkrevjande industri. Etablering av slik næringsverksemd må bli vurdert i samanheng med den totale kraftproduksjonen, og med forsyningssituasjonen i fylket totalt sett. Etter vår vurdering må det derfor gjerast ei meir overordna prioritering, helst på nasjonalt nivå, knytt til kor det ligg best til rette for slik industri av større omfang. Slike overordna vurderingar vil også kunne fremje lokaliseringar med eit lågare konfliktnivå i høve til ulike verneinteresser. Vi har ved fleire høve vist til Gismarvik i Tysvær som eit alternativ, som er eit stort og planavklart næringsområde.

Utfordrar jordvernet og naturinteresser

Jordvern er ei viktig samfunnsinteresse, og det er viktig at både kommunane og regionale styresmakter følgjer opp skjerpa nasjonale og regionale føringar på dette området. Nye næringsareal for etablering av kraftkrevjande næringsverksemd inneber nedbygging av store samanhengande landbruksareal med dyrka jord og beite i Kalberg-området, og det er også knytt store naturverdiar til delar av området. Fylkesmannen har difor uttalt at planane vil komme i konflikt med nasjonale og viktige regionale omsyn knytt til natur, landbruk og jordvern. Sjølv om kommunen i første omgang skulle gå for ei meir avgrensa utbygging, vil slike næringsetableringar truleg ha ein strukturerande effekt med forventningar knytt til vidare utbygging/utviding i framtida.

Auka sysselsetting er positivt

Eit datalagringsenter vil skape mange arbeidsplassar, særleg i ein etableringsfase. Dette må vektast opp mot dei negative konsekvensane. Det har versert ulike tal når det gjeld sysselsetting knyta til drift av slike anlegg. Vi vil oppfordre kommunen til å undersøke dette nærare, helst med bakgrunn i erfaringar frå liknande prosjekt, noko som også er viktig av omsyn til planlegging av transportløysing og annan infrastruktur. Vår vurdering er at det bør vere mogleg å skape slike arbeidsplassar i regionen utan så store arealbrukskonfliktar som på Kalberg.

Langsiktig grense også tema

Kommunen vil i samband med kommuneplanrevisjonen også vurdere/justere langsiktig grense landbruk ved Lyefjell og Kvernaland. Fylkesmannen støttar opp om eit slikt grep og viser til at kartfesting av langsiktig grense landbruk ved tettstadane også er framheva som eit prioritert tiltak i Nasjonale forventningar og i Regional jordvernstrategi.

 

Vår uttale til planprogrammet finn du i høgremargen.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.