Uttale til Regionalplan for massehandtering på Jæren

Regionalplan for massehandtering på Jæren er ute på høyring fram til 06.10.2017. Planen tek opp viktige utfordringar og løysingar innan massehandtering og behandling av overskotsmassar ved bygge- og anleggstiltak. Vi har nå gitt vår uttale til planen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.09.2017

I dag blir store mengder masse transportert frå anleggsplass og rett på tipp. Gjennom ei omstilling til sirkulær økonomi og bruk av prinsippa i ressurspyramiden/avfallspyramiden, vil vi kunne redusere mengda overskotsmasse til utfylling og deponering gjennom reduksjon og gjenbruk og gjenvinning av overskotsmassane.

Figur: Ressurspyramiden (avfallspyramiden). Kilde: Høringsuttkast Regionalplan for massehåndtering på Jæren 2017-2040

Massar er ein ressurs

Overskotsmassar er ei ressurs som i dag blir utnytta til ei viss grad, men har potensiale til å kunne nyttast i langt større grad. Dette vil gi positiv verknad på for klima og miljø gjennom redusert transportbehov og lengre varigheit på fjellressursar. Samstundes vil overskotsmassar til permanent deponi reduserast, med positiv verknad for landskap, landbruk, miljø og natur.

For at prinsippa i planen skal kunne takast i bruk, er det lagt avgjerande vekt på eit nettverk av mellomlager, sorteringsanlegg og større mottak. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar