Nytt møte i ressursgruppa for regional jordvernstrategi

Arbeidet med regional jordvernstrategi for Rogaland er godt i gang. Andre møte i ressursgruppa vart halde tirsdag 17.10.2017. Tema for dagen var oppfølging av innspel frå førre møte, status for kunnskapsinnhenting og målformulering.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.10.2017

Jordvernstrategien skal ikkje vere eit hinder for utvikling i fylket, men utfordre måten vi tenkjer arealplanlegging. Ressursgruppa var klare på at jordvernet må styrkast og bør løftast tidlegare inn i planprossesar. Da sikrar man omsynet til jordvern før dei overordna plangrepa blir satt. Konsentrert utbygging opp mot høgverdig kollektivaksar er eit viktig grep, men må følgjast opp med god hushaldering, fortetting og transformasjon. Kanskje må vi sjå på «gamle syndar» på ny?

Kompensasjon er ikkje løysinga

I dag bygg vi ned den beste jordbruksjorda. Kompenserande tiltak i form av jordflytting er eit grep for å redusere konsekvensen, men vil samla sett neppe kunne vere ei fullverdig løysing. Dette blir særleg aktuelt sett opp mot bestillinga i vedtaket i fylkesutvalet av 16. mai om auka jordbruksjord. Kompensasjon må vere ein siste utveg.

Kunnskap er sentralt

Avgjerande for å utarbeide eit godt jordvernmål, er å ha eit godt kunnskapsgrunnlag om arealstatus og arealreservane i kommunane. Innhenting av kunnskap gjennom eit analysearbeid er godt i gang og møter støtte i ressursgruppa.

I høgremargen finn du lysarka til presentasjonane i møtet og referatet.

Neste møte i ressursgruppa vil vere 20.12.2017.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.