Plan og bygg

Planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Regjeringa og Stortinget fastset dei nasjonale måla, og kommunar og fylkeskommunen har ansvaret for planlegginga på kommune- og fylkesnivå. 

Etter plan- og bygningslova skal kommunane samordne den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga på sine område gjennom samanhengande kommuneplanlegging. Fylkeskommunen skal gjennom si planlegging samordne verksemda til staten, fylkeskommunen og kommunen i fylket.

Fylkesmannen har to sentrale oppgåver i arealforvaltninga:

  • Som fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik skal Fylkesmannen sørgje for at nasjonale interesser blir sikra.
  • Fylkesmannen skal sikre at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk. 

Vis meir


17.01.2019

Gode råd frå Riksrevisjonen om motsegner og plandispensasjonar

Riksrevisjonen har undersøkt «Innsigelsesinstituttet» som skal bidra til å sikre nasjonale og vesentlige regionale interesser i kommunal arealplanlegging. Døme på slike interesser er jordvern, strandsone, naturmangfald, folkehelse, barn og unge sine interesser, kulturminne, trafikksikkerheit og skred- og flaumfare.   


19.12.2018

Vi gir råd til Bokn kommune

Bokn kommune har laga planprogram for ny samfunnsdel til kommuneplanen, som gir rammer for utvikling av kommunen fram til 2030. Vi har utfordra Bokn på ulike sektorområde, og peikar også på at framtidig kommunestruktur bør vere tema i kommuneplanen.


13.12.2018

Gode livsvilkår for den grøne landsbyen Randaberg

Randaberg kommune har gjort eit grundig og godt arbeid med kommuneplanen for 2018-2030. Jordvern, nullvekst, folkehelse og gode prinsipp for utvikling i sentrum og tettstadene kjem tydeleg fram i planen.


08.11.2018

Lysarka frå plan- og byggesakskonferansen

Fylkesmannen arrangerte 30. og 31. oktober ein plan- og byggesakskonferanse for kommunane i Rogaland og andre interesserte. Under finn du lysarka som blei brukt i dei ulike foredraga.


01.11.2018

Ber Rennesøy sjå etableringa av nye bustadområde og Green Mountain i eit større perspektiv

På veg inn i Nye Stavanger justerer Rennesøy arealdelen med utgangspunkt i ein strategisk samfunnsdel av kommuneplanen. Nokre av endringane utfordrar særleg jord- og strandsonevern.


01.11.2018

Finnøy blir snart ein del av Nye Stavanger- samfunnsdelen skal legga grunnlaget for å byggja ein ny kommune

Finnøy kommune har som Rennesøy valt å først revidera samfunnsdelen av kommuneplanen, der det er fokusert på særskilde utfordringar for Finnøy. Samfunnsdelen skal vere eit grunnlagsdokument for samla kommuneplan for Nye Stavanger. Fylkesmannen oppmodar kommunen til å tenkje langsiktig og gje tydelege føringar for framtidig naturressursforvaltning.


15.10.2018

Plan- og byggesakskonferanse 2018

Fylkesmannen i Rogaland inviterer til plan- og byggesakskonferanse 30. og 31. oktober.


10.10.2018

Regjeringa set jordvern meir på dagsorden!

Regjeringa la i går fram oppdatert nasjonal jordvernstrategi i samband med statsbudsjettet. Dette er med på å setje jordvern meir på dagsorden, og det er kome fram to nye konkrete tiltak.


03.10.2018

Tydeleg jordvernbrev frå statsråd Bård Hoksrud

Landbruks- og matministeren sende den 1. oktober ut eit brev til alle Fylkesmenn om at jordvern er ei viktig nasjonal og regional interesse i planlegginga i kommunane. Det blir også annonsert ein oppdatert nasjonal jordvernstrategi i samband med statsbudsjettet.


28.09.2018

Stø kurs frå Gjesdal kommune

Gjesdal har lagt ut ein avgrensa revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel til høyring. Forslaget er totalt sett eit planfagleg solid dokument, men nokre føresegner er i konflikt med nasjonale og regionale omsyn.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel