Oppgåver og ansvar

Fylkesmannsembeta er regionale statlege forvaltningsorgan som skal gjennomføre nasjonal politikk vedteke av Stortinget. Embeta vil vere eit viktig bindeledd mellom den sentrale statsforvaltninga og kommunane. Eit særtrekk ved embeta er at dei gjer fagoppgåver for fleire departement (12) og direktorat/tilsyn (9), samtidig som dei har ansvar for samordning av statleg aktivitet i fylket.

Ansvaret for Fylkesmennene sin verksemd er derfor delt mellom fleire statsrådar, sjølv om det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har det administrative ansvaret.

På bakgrunn av embeta sin kompleksitet, må ein beskrive fleire rollar og funksjonar for å dekkje det embeta driv med.

Sektorrolla

Det er det enkelte departement, direktorat eller tilsyn som legg faglege oppgåver til Fylkesmennene og har fagleg instruksjonsmynde over embeta. Desse oppgåvene kjem til uttrykk gjennom lover, retningsliner, direkte embetsoppdrag og politiske vedtak og signaler.

Fylkesmannen har i dag sektormynde innafor helse- og omsorgtenester, sosialtenester, barnevern, barnehagar, utdanning, landbruk, miljøvern, samfunnsikkerheit og beredskap. Som sektormynde skal Fylkesmannen ved tilsyn, rettleiing, og dialog med kommunane og fylkeskommunen medverke til å sette i verk nasjonal politikk.

Samordning

Fylkesmannen skal etter fylkesmannsinstruksen medverke til å samordne, forenkle og effektivisere den statlege verksemda i fylket. Dette gjeld for oppgåver som både ligg innafor og utafor embetet.

Rettstryggleik

Rolla som ivaretakar av rettstryggleik for enkeltmenneske er heilt sentralt i oppgåvene til Fylkesmannen. Klagebehandling, tilsyn og rettleiing er viktige verkemiddel i samanheng med dette.

Knutepunkt for informasjon mellom sentral stat og kommunane

Fylkesmannen har ei viktig rolle i som rettleiar overfor kommunane og  vil vere eit informasjonsknutepunkt mellom sentral stat og kommunane. I dette ligg òg å vere eit talerøyr for sitt fylke overfor staten. Ikkje minst er det viktig å melde tilbake korleis statleg politikk verkar regionalt og lokalt.

Gjennom oppfølging, rettleiing, kompetanseheving og god dialog skal Fylkesmannen bidra til at kommunane har tilstrekkeleg kompetanse og kvalitet til å gjennomføre nasjonal politikk.

Oppgåvene i kortform

Landbruksavdelinga:

  • Kompetansesenter
  • Leggje til rette for og stimulere til næringsutvikling
  • Langsiktig arealforvaltning – kommunal og regional planlegging
  • Fordele tilskotsmidlar
  • Kontroll/Tilsyn

 Miljøvernavdelinga:

  • Industri, miljøgifter, forureining, avfall, støy (Pålegg – løyve – tilsyn)
  • Naturvern, vassdrag, biologisk mangfald
  • Friluftsliv, jakt og fiske (Forvalte, løyve, tilskott)
  • Areal jf Plan- og bygningslova (Uttale og motsegn)

 Utdanningsavdelinga:

  • Tilsyn, lovlegkontroll og klagebehandling
  • Følgje opp nasjonalt kvalitetsvurderingssystem
  • Medverke til kvalitets- og kompetanseutvikling i barnehage og skole
  • Stimulere til  tverrfagleg samarbeid
  • Forvalte tilskott

 Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga

  • Klagesaker bygg mm (settefylkesmann)
  • Kommuneøkonomi
  • Lovlegkontroll
  • Familierett (Separasjon/skilsmisse)
  • Fri rettshjelp
  • Verjemål
  • Samfunnstryggleik og beredskap

 Helse- og sosialavdelinga

  • Klageinstans i enkeltsaker
  • Hendingsbasert tilsyn med helse- og sosialtenesta
  • Planlagde tilsyn med helse-, sosial- og barnevernstenesta
  • Iverksetjing av statleg politikk og satsingar innan helse- og sosialområda (opptrappingsplan psykiatri, omsorgsmelding, NAV, rusreform, samhandlingsreform)

 Fylkesmannen som planmynde

  • Formidle nasjonal politikk
  • Aktiv aktør i regionalt planarbeid
  • Samordning – erfaringsutveksling
  • Gje uttale til kommunale planar  - Kan gje motsegn
  • Konfliktløysing – meklarrolle
  • Behandle klagesaker

For meir informasjon, sjå under dei ulike fagtemaene på framsida. Bruk gjerne søkefunksjonen.