Målform

Statsetatar med Rogaland fylke som ansvarsområde, skal bruke nynorsk som tenestemål. Dette gjeld mellom anna for nettstaden til Fylkesmannen.

Med tenestemål meiner ein det språket ein nyttar til dømes i fellesskriv til kommunane eller i anna informasjonsmateriell. Bakgrunnen for dette er reglane i mållova, som mellom anna seier at dersom fleirtalet av kommunane i eit fylke har fatta eige målvedtak (ikkje nøytrale), så skal statlege regionale etatar nytte den målforma fleirtalet av kommunane med målvedtak ber om. No (mars 2007) er det i Rogaland 14 av fylket sine 26 kommunar som har fatta eige målvedtak. 11 av desse 14 krev nynorsk i skriv frå regionale statsetatar.

Oversyn over målform i kommunane i Rogaland