Avdelingar

Administrasjonsavdelinga

Administrasjonsavdelinga er fagavdeling for dei administrative oppgåvene i embetet. Arbeidsfeltet omfattar interne løns- og økonomitenester, arkivtenester, IKT-tenester, personaltenester, hovudresepsjon, apostille og drift av Statens Hus. Offentlege innkjøp, Kongens fortenestemedalje/St. Olavs Orden og støtte til politiske parti, er også lagt til avdelinga

Arild Michelsen er avdelingsdirektør.

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga bidrar gjennom råd, rettleiing og opplysning til å sikre at helse-, sosial- og barneverntenesta i fylket held høg kvalitet og dekkjer befolkninga sitt behov. Avdelinga gir råd til nasjonale, regionale og lokale myndigheiter, til tilsette i desse tenestene og til innbyggjarar i fylket. Avdelinga fører tilsyn med helsepersonell og helse-, sosial- og barneverntenestene. Avdelinga behandlar også klager når gjeld pasientrettar og klager etter helse-, sosial- og barnevernlova. I tillegg behandlar avdelinga søknader om dispensasjon og tilbakelevering av førarkort kor helsekrava for å ha førarkort ikkje er oppfylte

Avdelinga har særleg ansvar for oppgåver etter barnevernlova og fører tilsyn med barneverninstitusjonar. Også økonomisk rettleiing og ulike oppdrag som omhandlar barnefattigdom og bustadslause inngår i avdelinga sitt arbeidsfelt.

Avdelinga fører også tilsyn med hygienske og helsemessige tilhøve i petroleumsverksemda -  og har oppgåver i samband med offshore helseerklæringar.

Janne Dahle-Melhus er fylkeslege/avdelingsdirektør. 

Landbruksavdelinga

Landbruksavdelinga skal medverke til gjennomføring av nasjonal landbruks- og matpolitikk på ein regionaltilpassa måte. Målet er å føre vidare eit levande, mangfaldig og berekraftig landbruk. Oppgåvene femner om både saksbehandling og utviklings- og strategiarbeid innan jordbruk, skogbruk og bygdeutvikling. Avdelinga driv både forvalting, rettleiing og kontroll.

Avdelinga forvaltar økonomiske og juridiske verkemiddel. Miljø- og arealforvaltning (jordvern) og inntekts- og velferdspolitiske tiltak er andre viktige oppgåver, saman med tilbakemelding til sentrale styresmakter på verknadene av landbruks- og matpolitikken.

Landbruksavdelinga skal vere eit kompetansesenter for kommunane på landbruksområdet for å halde kvalitet og måloppnåing i landbruksforvaltninga på eit høgt nivå. Avdelinga har ansvar for å identifisere utfordringar, setje i gang og gjennomføre tiltak i samarbeid med ulike aktørar regionalt og lokalt.

Geir Skadberg er landbruksdirektør.

Miljøvernavdelinga

Miljøvernavdelinga forvaltar og rettleiar om miljøspørsmål på vegne av staten. Avdelinga driv også tilsyn. Vi skal bidra til at regjeringa sin miljø- og arealpolitikk blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Vi skal arbeida for ei berekraftig utvikling, hindra alvorleg forureining og bidra til ei god arealforvalting i Rogaland. Vi skal vera ein pådrivar for å ivareta naturmangfaldet og sikre vern av trua artar og naturtypar. Miljødirektoratet er den viktigaste oppdragsgjevaren vår.

May Britt Jensen er fylkesmiljøvernsjef.

Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga

Avdelinga arbeider med oppgåver knytt til kommuneøkonomi, samfunnstryggleik og beredskap, verjemål, klager etter kommunelova, plan- og bygningslova og namnelova, søknader om fri rettshjelp og separasjons- og skilsmissebevillingar, saker etter barnelova og førespurnader i samband med adopsjon, m.m.

Avdelinga skal ivareta oppgåver knytt til ei rekkje lover og forskrifter og har derfor forvaltingsoppgåver frå fleire departement og direktorat.

Avdelinga arbeider med individretta saksbehandling og kommuneretta verksemd, både som førsteinstans og som klageinstans. Ein stor del av avdelinga sitt arbeid er elles tilsyn, råd og rettleiing.

Avdelingsdirektør er Lone M. Solheim.

Utdanningsavdelinga

Utdanningsavdelinga skal medverke til at nasjonale mål for barnehage- og utdanningspolitikken blir følgde opp regionalt og lokalt.

Embetet skal mellom anna utføre:

  • tilsyns- og kontrolloppgåver
  • gi generell informasjon og rettleiing
  • sikre rettar gjennom behandling av klager og andre enkeltsaker
  • medverke til kvalitets- og kompetanseutviklingsarbeid
  • forvalte statlege tilskott

Sølvi Ona Gjul er utdanningsdirektør.

Aktuelt

Fylkesmannsembetet i Rogaland er leia av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa. Med seg i embetsleiinga har ho assisterande fylkesmann Harald Thune. John Gunnar Skien er kommunikasjonssjef. 

Embetet er organisert i seks avdelingar

▪ Administrasjonsavdelinga

▪ Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga

▪ Landbruksavdelinga

▪ Miljøvernavdelinga

▪ Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga

▪ Utdanningsavdelinga

Embetet har om lag 190 tilsette.