Om oss

Fylkesmannen er statens representant i fylket og arbeider for at Stortinget og regjeringa sine vedtak blir følgde opp i Rogaland.

Vi tar vare på Rogaland

"Vi tar vare på Rogaland ved å leggje til rette for utvikling og medverke til å samordne statleg verksemd i fylket. Fylkesmannen arbeider til beste for alle som bur i fylket. Det gjer vi ved å behandle sakene rett og raskt og ha ein open og imøtekommande haldning til alle som vender seg til oss."

Fylkesmann Lone M. Solheim  

 

Fylkesmannen representerer dei fleste departementa og fleire direktorat, har sentrale tilsyns- og kontrolloppgåver retta både mot kommunar og private og skal dessutan samordna statleg verksemd i fylket.

Fylkesmannen har såleis eit mangfald av roller og funksjonar. Desse kan oppsummerast slik:

  • Vera bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggarar
  • Utøva myndigheits-, rettstryggleiks- og kontrollfunksjonar
  • Medverka i fornyings- og utviklingsarbeid

Klikk her for informasjon om dei andre fylkesmennene. 

Fylkesmann Lone M. Solheim

Lone Merethe Solheim (f. 1964) er konstituert som fylkesmann i Rogaland. Bent Høie blei i statsråd 26. oktober 2018 utnemnt til fylkesmann i Rogaland. Høie tiltrer embetet når han går av som stortingsrepresentant hausten 2021. Lone Merethe Solheim er fylkesmann fram til Høie tiltrer.

Solheim har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd hos Fylkesmannen i Rogaland sidan 2002. Den gongen kom ho til Fylkeslegen i Rogaland frå Fylkesskattekontoret. Fylkeslegen blei seinare ein del av fylkesmannsembetet. Solheim har vore assisterande direktør i helse-, sosial og barnevernsavdelinga. I 2012 blei ho tilsett som avdelingsdirektør i samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga. 

Solheim vaks opp på Tjøme i Vestfold, men flytta til Stavanger i 1988. Ho er gift og har tre barn.

VISJONEN VÅR

Vi tar vare på Rogaland

VERDIANE VÅRE

Open

Tydeleg

Truverdig