Høyringsuttale – forslag til ny, heilskapleg språklov

Kulturdepartementet har lagt fram forslag til ei ny, heilskapleg språklov. Forslaget skal erstatta den gjeldande mållova. Her er høyringssuttalen til Fylkesmannen i Rogaland.

Fylkesmannen i Rogaland støttar forslaget om forenkling av utrekninga av fleirtalsspråk i tenesteområdet. Fylkeskommunane bør framleis ha rett til å gjera eigne språkvedtak som i dag. Det er uheldig at lova kjem utan høve til å sanksjonera.

Bakgrunn

Fylkesmannen i Rogaland synest det er positivt at det blir lagt fram eit forslag til språklov, som tydeleg slår fast at det offentlege har eit ansvar for å sikra statusen til norsk språk som eit samfunnsberande språk – og gir offisiell status til samiske språk, kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk.

Norsk språk generelt er ikkje trua, men det er grunn til ei viss uro for utviklinga innan enkelte samfunnsområde, som t.d. utdanning. Når engelsk vinn meir og meir terreng, kan eit fullverdig norsk språk stå på spel.

Det er først om fremst konsekvensane for regionale statsorgan og regionalt folkevalt nivå, tenesteplikt, klarspråk og sanksjonar me uttaler oss om.

Utrekning av fleirtalsspråket og konsekvensar for Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland er i dag eit «nynorskembete». Det betyr at me i allment tilgjengelege tekstar nyttar nynorsk, til dømes på nettsida vår. Departementet føreslår ei forenkling av reglane for utrekning av fleirtalsspråk i tenesteområdet til eit regionalt statsorgan. Ved krav om absolutt fleirtal av nynorsk- eller bokmålskommunar for at statsorganet har plikt til å nytta det eine skriftspråket, er konsekvensen for Rogaland at embetet blir nøytralt, med plikt til å bruka minst 25 prosent nynorsk og minst 10 prosent bokmål.

Fylkesmannen i Rogaland er positiv til denne forenklinga av utrekninga, sjølv om det etter vårt syn kan svekka nynorskbruken i regionen vår. Me vurderer det slik at nynorsken kan, i eit nasjonalt perspektiv, bli styrka med ei talfesta plikt til nynorsk- og bokmålsbruk i nøytrale regionar.

Det kan vera gode grunnar til å utvida verkeområdet til lova til også å gjelda fylkeskommunane, særleg av omsyn til nynorskbruken. Samtidig står det lokale og regionale sjølvstyret sterkt i Noreg, sist understrekt i ny kommunelov. På bakgrunn av dette finn ikkje Fylkesmannen i Rogaland det rett å fråta fylkeskommunane retten til å fatta eigne språkvedtak, på linje med kommunane.

Tenesteplikt å kunna både nynorsk og bokmål?

I lovframlegget skal det ikkje lenger vera ei tenesteplikt for statstilsette å meistra både bokmål og nynorsk. Ansvaret for å sikra nødvendig skrivekompetanse ligg då på embetet/statsorganet sjølv. Fylkesmannen i Rogaland registrerer at Noregs Mållag er kritisk til dette. Me forstår skepsisen, men finn det likevel rett å støtta endringsforslaget.

Kravet om både bokmål og nynorsk er i realiteten er svært vanskeleg å etterleva. Det kan til ei viss grad kompenserast med internopplæring, i praksis nynorskkurs. Erfaringa vår tilseier at kunnskapsnivået ofte er lågt. Dermed kan det vera krevjande å få tilsette opp på eit akseptabelt nivå.

Eit vel så sentralt punkt for oss er omsynet til mangfald og rekruttering av medarbeidarar med utanlandsk bakgrunn. Språkferdigheiter er ofte ei utfordring uansett, og med krav om å meistra både nynorsk og bokmål blir det endå meir komplisert å sikra eit nødvendig mangfald blant dei tilsette.

Klarspråkparagrafen

Klart og godt språk har vore eit mål i offentleg forvaltning i ei årrekke. Me er ikkje i mål. Derfor er det fornuftig å ta med ein eigen klarspråkparagraf i lovforslaget.

Manglande høve til sanksjonar

Føremålet med lovforslaget er å «normera åtferd». Forslaget til språklov kjem ikkje med framlegg til sanksjonar. Språkrådet får ei lovfesta rolle som tilsynsorgan, utan høve til å sanksjonera. Det er uheldig.

Det er nærliggande å visa til Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) si tilsynsrolle med universell utforming av norske nettsider. Dersom ikkje påviste avvik eller brot på lovkrav knytt til universell utforming av nettstadene blir retta innan fristen, kan Difi ilegga tvangsmulkt.

Sjølv om eit tilsyn etter språklova kan vera meir komplisert, ser me ikkje ein opplagt grunn til at Språkrådet ikkje skal ha høve til å sanksjonera ved klare brot på språklova.