Magnhild sluttar som fylkesmann i november

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa
Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

Magnhild Meltveit Kleppa sluttar som fylkesmann i november i år, etter fem år i embetet.

– Eg har i dag fortalt dei tilsette at alderen tek meg att, eg fyller 70 år i november, seier Kleppa. Ho kom til Fylkesmannen i Rogaland i 2013 etter ei lang karriere i rikspolitikken.

Fylkesmann med liten -f

Magnhild Meltveit Kleppa er fylkesmann med liten f, med ansvar for Fylkesmannen med stor F. 1. november 2013 kom ho tilbake til ein jobb i heimfylket. Livet som stortingsrepresentant og statsråd var historie.

Læraren Kleppa blei valt inn på Stortinget i 1993. Ho leia kommunalkomiteen, var parlamentarisk leiar, sosialminister i den første Bondevik-regjeringa og både kommunal- og regionalminister og samferdsleminister i den raud-grøne Stoltenberg-regjeringa.

Utnemnt i statsråd i 2012

Kleppa blei utnemnt i statsråd 26. oktober 2012. Det gjekk likevel eitt år før ho overtok som fylkesmann etter Tora Aasland. Kleppa hadde takka nei til attval på Stortinget, men ho måtte sjølvsagt sitja ut perioden ho var valt inn for. Etter stortingsvalet 2013 blei helgependling frå Oslo til Hjelmeland erstatta med Stavanger-Hjelmeland.

Lyser ut stillinga i august

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) tek sikte på å lysa ut stillinga over sommaren, slik at ein ny fylkesmann kan vera på plass frå 1. desember. Kleppa har ikkje tenkt å gira ned dei neste månadene.

– I dette arbeidet har eg lært å kjenna utruleg mange gilde og flinke einskildmenneske, eg har og fått vore med og løyst viktige oppdrag for Rogaland, seier Magnhild Meltveit Kleppa, som lovar «full guffe» det halve året ho har att på Statens Hus.

Kontaktpersonar