Hålandsdalen verna som skogreservat

Dette er det første frivillige barskogvernet i Rogaland. Reservatet dekker eit areal på 5,7 km2 på nordsida av Hålandsdalen i Suldal kommune. Verneforskrifta opnar for allmenn ferdsel - mellom anna bærplukking - og beiting av husdyr.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.01.2013

Hålandsdalen naturreservat vart vedteke ved Kgl. resolusjon 25. januar 2013 som eitt av 29 skogreservat i heile landet. Samstudnes vart det fasettt verneforskrift med heimel i § 34 i naturmangfaldlova.

Føremålet
med reservatet er å ta vare på eit stort, samanhengande skogsområde med eldre furuskog og innslag av variert edellauvskog (temperert regnskog). Området strekk seg frå fjord/dalbotn til eit småkupert platå opp mot 700 meter over havet. Det er relativt lite inngrep i området.


Flyfoto av Hålandsdalen naturreservat. Dalføret til høgre er Hålandsdalen. Fjorden i venstre biletkant er Tyssefjorden. Opne lenka i høgremenyen for å sjå grensene for reservatet. Området er prega av dei lange  liene opp av Hålandsdalen. I vest dannar ein fjellrygg eit skarp skille mot den bratte skråningen ned til Tyssefjorden. Foto: Audun Steinnes.  

12 raudlisteartar
Storparten av arealet er dekka av fattige furuskogstypar med innslag av eldre furuskog. Bekkedrag, skar og skrenter gir rom for rikare vegetasjon, mellom anna ein oseanisk alm-lindeskogstype med lind, alm, hassel og svartor. Styving vitnar om lauving og fôrsanking i tidlegare tider.

Dei viktigaste naturverdiane finn ein i kjerneområda i reservatet. I edellauvskogen her er eit særleg rikt artsmangfald med mange karakterartar knytt til fuktig lauvskog. Av 12 påviste raudlisteartar er det heile 11 1avartar, mellom anna prakthinnelav og kystskoddelav.

Representativ for Ryfylke
Furuskogen, som dominerer det meste av arealet, har isolert sett relativt små naturkvaliterer. Det er imidlertid vanskeleg å finna gamal furuskog i Ryfylke med eit vel utvikla naturskogpreg. Skogen i naturreservatet er såleis representativ for store deler av Ryfylke. På lengre sikt vil og skogen veksa fram mot eit naturskogpreg.

Restriksjonar
Naturreservat er den strengaste verneforma vi har. Verneforskrifta fastset mellom anna forbod mot

  • hogst og planting av skog
  • forstyrring av fugle- og dyreliv
  • bygging av vegar, nye hytter og kraftliner
  • bålbrenning
  • teltleirar og større arrangement

Det er likevel gjort generelt unntak for sanking av bær og sopp, jakt etter gjeldande reglar, beiting og alminneleg vedlikehald av eksisterande bygningar og vegar.

Opplistinga ovanfor er ikkje fullstendig. Les meir i verneforskrifta, sjå lenke i høgremenyen.
 

 

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.