Romsa sikra for allmenta

Romsaøyane i Vindafjord er for all framtid sikra som friluftslivsområde for deg og meg. Desse øyperlene byr på gode havner for båtfolket, turstiar, fiskemuligheter og fine badeviker. På austsida av Store-Romsa ligg Noregs størst naturreservat for kristtorn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.10.2012

Romsaeigedomen er på tilsaman 1800 dekar fordelt på tre større øyar og nokre mindre holmar. Dei store øyane er Store-Romsa, Litle-Romsa og Tolløya. Bortsett frå to mindre hytteeigedomar sør på Tolløya, har Staten ved Direktoratet for naturforvaltning no kjøpt alle desse perlene av Statsskog.

Friluftsliv
Romsaøyane er ein del av Vestkystparken. Sjølv om mykje av arealet i dag er dekt med skog - naturleg og planta - er desse øyane rekna som eit eldorado for båtturistar. Gamle bygningar og hustufter vitnar om tidlegare slekters strev og gjer øyane til ein spanande stad for unge og vaksne. Professorhytta og Vinjehuset på Grindanes, Haukelandstunet med tilhøyrande bygningar – våningshus - løe og eldhus. Huset på Herøya og Matretunet på Litle Romsa vert brukt av ulike ideelle organisasjonar, men bruken skal ikkje vera til hinder for allmentas tilkomst og bruk av uteareal. Gamle ferdselsvegar er i dag idylliske turvegar og stiar i vakker natur.

Grillhus og brygge på Litle Romsa
Grillhus og brygge på Litle Romsa. Foto: Per Kristian Austbø

Friluftsrådet Vest
har ansvaret for forvaltning og tilrettelegging for friluftsfolket. Det gjeld mellom anna bryggjer og grillplassar som kan nyttast av alle som kjem til Romsa med båt. Det gjeld Grindanes (bryggje og grillhus), Naustvikjo (bryggje + gamalt naust ), Brattestøvågen (bryggje), Ørevik (bryggje), Herøya (bryggje) og Litle Romsa - Båtaviko (grillhus og bryggje).

Andre forvaltningsoppgåver

I samband med kjøpet av Romsaeigedomen har fylkesmannen fått i oppgåve å utarbeida framlegg til ny avtale om drift, skjøtsel og vedlikehald. Romsaøyane har mange natur- og kulturverdiar og forvaltningsansvaret er delt på fleire partar. Det vil difor vere behov for ein forvaltningsplan som sikrar ei god forvaltning av friluftslivsinteressene, kulturlandskapet og verneinteressene i framtida. Det skal og vurderast om det er ønskjeleg å utvida det verna arealet på Romsa. Det gjeld mellom anna ein verdfull oseanisk utforma kystfuruskog.

Meir informasjon om Romsa

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Aktuelt

Kristtorn med bær
På austsida av Store Romsa ligg det største kristtornreservatet i Noreg.
Kristtorn står her i reine bestandar og i blandingsskog av mellom anna bjørk og furu.
Enkelte stader kan ein sjå kristtornskog med tre opptil 30 cm i diameter og kanskje 10 meter høge. I gode år omkring 1950 kunne bøndene på gardane hausta 3-4 tonn kristtorn for salg. År 2000 vart eit område på 213 dekar verna som naturreservat.
Dersom denne eineståande kristtornskogen skal kunne utvikla seg vidare, er det heilt naudsynt med skjøtsel av reservatet, mellom anna hogst av konkurrerande treslag.
Foto: Per Terje Haaland