Omkøyringsveg Åkra vart ikkje godkjent

Miljøverndepartementet godkjenner ikkje kommunedelplan for omkøyringsveg rundt Åkra på Karmøy. Departementet meiner at føreslått vegalternativ vil få store negative følgjer for nasjonalt og regionalt naturmangfald, jordbruk, friluftsliv og landskap. Motsegna frå Fylkesmannen til planen vart dermed tatt til følgje.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.10.2012

Saka gjeld planlagt omkjøringsveg gjennom Åkra sentrum. Vegen gjennom sentrum fungerer både som handlegate, bustadgate og gjennomkjøringsveg. Kommunen sende tre alternative traséar på høyring. Fylkesmannen fremma i september 2011 motsegn til alle desse traséane. Mekling førde ikkje fram til noko løysing.

I brev til kommunen datert 17.10.2012 har Miljøverndepartementet grunngitt avgjerda si.
Les heile brevet frå departementet i lenka nedanfor.

Miljøverndepartementet skriv avslutningsvis at

".. alle de utreda vegalternativa er i strid med nasjonale og regionale naturmangfald- landbruks- friliftslivs- og landskapsinteresser. Departementet meiner at desse verdiane er så høge at det ikkje kan forsvarast å byggje ut ny FV 47  etter nokre av dei utreda alternativa. Departementet rår til at det vert tatt kontakt med fylkesmannen og fylkeskommunen for å sjå om ei bearbeiding av alternativ 4 kan gje grunnlag for ein trasé partane er samde om og som ikkje kjem i konflikt med nasjonale naturmangfaldverdiar..."

Fylkesmann Tora Aasland er innstilt på å ha eit møte med ordførar i Karmøy kommune og fylkesordførarer i nær framtid  for å gå igjennom departementet sitt brev.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.