Kommuneprogrammet - likestilte kommunar

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet ynskjer at kommunane skal bli meir likestilte. Alle kommunane er derfor inviterte til å søke om å bli pilotkommune i programmet "Likestilte kommuner". Programmet har som mål at kommunane skal integrere likestillingsperspektivet i styringsdokument og sikre likeverdige offentlege tenester til innbyggarane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.10.2012

I løpet av året vil 19 kommunar få sjansen til å vere pilotkommune. Kvar av desse kommunane vil få 300.000 kroner til prosjektarbeid i perioden 2012-2014. Alle kommunane i landet har tidlegare fått brev om dette (datert 2. oktober 2012).

Gjennom rettleiing, erfaringsutveksling, kurs og kompetanseheving får pilotkommunane bistand til å arbeide aktivt med likestilling. Dei får tilbod om ei heilskapleg pakke som er eit godt grunnlag for vidare arbeid med likestilling på alle tenesteområda i kommunen.

Frist for å søke om å bli pilotkommune er 9. november.

Søknadsskjema med prosjektutgreiing kan sendast til grl@likestillingssenteret.no

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.