Frivillig vern gir tre nye naturreservat i Rogaland

Tre område med kystfuruskog er verna som naturreservat etter frivillig vern av skog; Stråtveit naturreservat i Vindafjord, Hellebrekkene naturreservat i Tysvær og Hesten naturreservat i Forsand og Strand kommunar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.12.2018

Regjeringa har i desember verna tre områder innanfor ordninga frivillig vern av skog. Desse tre områda representerer ulike aspektar ved kystfuruskog i Rogaland og utfyller kvarandre med omsyn til biologisk mangfald. Til saman inkluderer dei leveområde for ein rekke artar der fleira av desse er truga.

Dei ny naturreservata er: Stråtveit (Vindafjord kommune), Hellebrekkene (Tysvær kommune) og Hesten (Forsand kommune og Strand kommune). Desse skogane er i all hovudsak tilbod frå private grunneigarar, men også skogeigarselskap som Skog AS har frigitt større områder til vern av naturskog på sine eigedomar.

Samarbeidsprosjekt

Vernet er eit samarbeid mellom grunneigarar, skogeigarlaga (Vestskog SA), Fylkesmannen og Miljødirektoratet. Verneprosessen startar ved at grunneigar tilbyr sin skog for vern mot eit vederlag. Skogeigarlaga hjelper grunneigarane i kontakt med Fylkesmannen og Miljødirektoratet, og til saman kjem ein fram til ein løysing som er tilfredsstillande for partane.

Skattefritt vederlag

Merk at vederlaget som grunneigar får for skogen er skattefritt og ordninga inneber ingen utgifter for grunneigarane. Har du skog og lura på ordninga frivillig skogvern er det berre å ta kontakt med Fylkesmannen i Rogaland.

Stråtveit naturreservat

Stråtveit naturreservat (Vindafjord) er ei 1765 dekar stor bratt sørvendt fjordli ved Yrkjefjorden. Føremålet med naturreservatet er å verna eit lågtliggande, variert, oseanisk skogområde med ein gradient frå bratte, frodige edellauvskoglier ned mot sjøen, til høgareliggande åsar med skrinn furuskog. Her finn ein rik edellauvskog med grove gamle stuvar av ask, alm og lind med fleire raudlista, og oseaniske lavartar. I tillegg er det ein del lågurt-eikeskog og rik sump- eller kjeldeskog med svartor.

Stratveit naturreservat.jpg

Hellebrekkene naturreservat

Hellebrekkene naturreservat (Tysvær) er ein 1166 dekar stor fattig kystfuruskog på middels til høg bonitet. Føremålet med naturreservatet er å verna eit lågtliggande skogområde med vestleg, vindpåverka utkantførekomst av furuskog på Haugalandet. Fattige furuskogtypar dominerer, med ein god del einerrik bjørkeskog og mindre innslag av svartorsumpskog og lågurtskog. I nord er det beiteskog, naturbeitemark og tilgrodde, einerrike stadium av tidlegare beiteskog. Skogen er middels gammal med daud ved, læger og gadd, av ulik nedbrytingsgrad. Einskilde eldre tre av furu og eik førekjem.

Hellebrekkene naturreservat.jpg

Hesten naturreservat

Hesten naturreservat (Forsand kommune og Strand kommune) er ei utviding av tidlegare Gitlandsåsen naturreservat. Totalt dekker verneområdet 9292 dekar med 2164 dekar som tillegg gjennom frivillig skogvern. Tillegget ligger nord for det gamle reservatet, og heile område heiter nå Hesten naturreservat. Tillegget har fleire unike område med svært høg råme, noko som gjer dette til heilt spesielle levestadar for ei rekke kravfulle artar. Spesielt gjeld dette artar som veks på tre og krev jamn luftråme og milde vintrar. Dette er områder som blir omtala som boreonemorale regnskogar og er berre å finne einskilde stadar på vestlandet. Desse verdiane kjem i tillegg til dei store biologiske verdiane som allereie var verne gjennom tidlegare Gitlandsåsen naturreservat. I Hesten naturreservat har vi saman med grunneigarane og Vestskog klart å verne slike veksestadar for framtida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.