Frivillig vern av Vedvika naturreservat i Vindafjord kommune

Vedvika naturreservat er siste tilskot på lista over naturreservat i Rogaland. Verneområdet har eit særeige miljøhøve som gir grobotn for fleire svært sjeldne artar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.06.2019

Regjeringa har i juni fatta vernevedtak for eit område innanfor ordninga frivillig vern av skog. Området representerer eit habitat med ekstra høg og stabil luftfukt som gir rom for artar som ikkje toler uttørking. Området utfyller skogsreservata i Rogaland med omsyn til naturmiljø.

Samarbeidsprosjekt

Vernet er eit samarbeid mellom grunneigarar, skogeigarlaga (Vestskog SA), Fylkesmannen og Miljødirektoratet. Verneprosessen startar med at grunneigar tilbyr sin skog for vern mot eit vederlag. Skogeigarlaga hjelper grunneigarane i kontakt med Fylkesmannen og Miljødirektoratet, og til saman kjem ein fram til ei løysing som er tilfredsstillande for partane.

Skattefritt vederlag

Merk at vederlaget som grunneigar får for skogen er skattefritt og ordninga inneber ingen utgifter for grunneigarane. Har du skog og lura på ordninga frivillig skogvern er det berre å ta kontakt med Fylkesmannen i Rogaland.

Vedvika naturreservat

Vedvika er eit lite naturreservat mellom Vedvika og Bjoavegen i Vindafjord kommune. Ned mot stranda går verneområdet over i eit statleg sikra friluftsareal (FS00001541). Bergrunnen er fyllitisk noko som gir opphav til ein rik flora. Skogmessig er det ein dominans av boreale treslag, men der førekjem også hassel, svartor og ask. Vegetasjonen på bakken høyrer til blåbærskogmark og høgstaudeskogsmark mot bekkedraget.

Dei store naturverdiane i dette området er knytt til boreonemoral regnskog, dvs. skog med svært høg og jamn luftfukt, og det er registrert gode førekomstar av fleire svært sjeldne artar på trea i denne skogen. Deriblant gul buktkrinslav, kystskriftlav, skoddelav og fjordkrinslav. Denne skogen er svært sårbar for inngrep som kan påverke fuktforholda.

kart Vedvika naturreservat

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.