Frivillig skogvern - gode prosesser gir godt resultat

Eldre furuskog i Strand kommune. Foto: Endre Grüner Ofstad/Fylkesmannen i Rogaland
Eldre furuskog i Strand kommune. Foto: Endre Grüner Ofstad/Fylkesmannen i Rogaland

I Rogaland er det ei aukande interesse for vern av skog blant skogeigarar. Årsaka til denne positive utviklinga ligg i den gode prosessen som har kome gjennom frivillig skogvern. Frivillig skogvern er eit samarbeid mellom skognæringa og miljøforvaltinga for å verne om viktig skogsnatur for framtida, på grunneigaranes premissar. Grunneigar tilbyr område til vern mot ei skattefri erstatning for skogsverdiane, medan eigedomsretten, jakt-, fiske- og beiterettar blir hjå grunneigar. Staten tek alle kostnadene ved prosessen, og ordninga er frivillig så grunneigar kan når som helst trekkje seg frå verneprosessen utan kostnad.  

Skognatur er ein av dei rikaste natursystema me har i Noreg med omsyn til biologisk mangfald, naturtypar og økosystemtenester for samfunnet. Det er difor ei målsetning at ein skal ta vare på 10 prosent av skogsareala i Noreg. Ved å ta vare på skog, sikrar me biologisk mangfald og viktige samfunnsverdiar for framtidige generasjonar. Dette er ein sentral del av stortingsmeldinga «Natur for livet».

Hovuddelen av skog i Norge står på privat grunn. Derfor er skogeigarane si rolle i prosessen heilt avgjerande. Om skogeigar ønskjer å få skogseigedommen sin vurdert til vern, kan dei ta kontakt med skogeigarorganisasjonane. Skogeigarorganisasjonane vil gratis hjelpe skogeigar med tilbodet og vidare gjennom heile prosessen. 

Figur 1: Furuskogli i Vindafjord kommune. Foto: Endre Grüner Ofstad/Fylkesmannen i Rogaland

Eit tilbod om skogvern blir levert til Fylkesmannen som vurderer om området er eigna som naturreservat og kan tilrådast for vern. Deretter vil statens skogsakkunnig kalkulere verdien av skogen basert på mellom anna skogtakst. Skogsakkunnig sine vurderingar dannar grunnlaget for erstatningsforhandlingane med Miljødirektoratet. Dersom partane ikkje blir samde, kan grunneigar fritt trekke tilbodet sitt. Eventuell godteken erstatning vert utbetalt etter vernevedtak gjennom Kongeleg resolusjon i statsråd. Da kvart tilbodsområde er unikt tek slike verneprosessar frå start til vedtak normalt to til tre år.

Fylkesmannen i Rogaland har som mål å ta vare på eit representativt utval av skog, både vanleg og sjeldne skogstypar. I perioden fram mot 2025 vil Fylkesmannen å prioritere rik og fattig edellauvskog og regnskog (kystfuruskog med særskilt høg og jamn fuktigheit), men alle typar skog er velkomne til vurdering.