Verdas våtmarksdag – våtmark i urbane strøk

I dag 2. februar vert verdas våtmarksdag markert. Naturtypen våtmark er truga over store delar av verda, på grunn av arealinngrep og aukande urbanisering. Årets tema for dagen er verdien av våtmark for menneske, dyr og plantar i urbane strøk.

Her i Rogaland vert dagen markert på søndag i regi av Besøkssenter våtmark Jæren, med flotte arrangement på Mostun natursenter ved Mosvatnet i Stavanger og på Friluftsfyret Kvassheim i Hå.

Ta med deg familien og ta turen til Kvassheim eller Mostun for ein triveleg søndag for heile familien!

For meir informasjon sjå lenkene til denne saka.

 

Fuglekassesnikring på Mostun natursenter.

Fuglekasse-snikring på Mostun natursenter. Foto: Naturvernforbundet i Rogaland


Fuglekasse-snikring på Mostun natursenter. Foto: Naturvernforbundet

 

Den kjære vipa likar seg godt ved våtmark.

Den kjære vipa likar seg godt ved våtmark.


Den kjære vipa likar seg godt ved våtmark. Foto: Jan Kåre Næss