Vellukka skjøtsel av over 5000 år gamalt levande kulturminne

Gardbrukarar frå sørfylket gjennomførte onsdag brenning av lyng- og grashei i Synesvarden landskapsvernområde i Hå. Lyngbrenninga skjedde på oppdrag frå Fylkesmannen og er saman med beiting, eit skjøtselstiltak for å ta vare på landskapet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2015

Denne eldgamle kulturmarkstypen har i all tid vore skjøtta gjennom beite og tidvis brenning, noko som har gitt det opne og særprega landskapet. Manglande  tradisjonell skjøtsel fører mange andre stadar langs Vestlandet til at kystheia gror att med ungskog.

Brenninga vart utført trygt og kontrollert, og med naudsynt avklaring med brannvesenet. Med høg mark-råme (væte) og lite vind går brannen ikkje ned i bakken. Slik vil frisk lyng kunne spire på ny frå frølagera i plantane.

Vasstanken på ryggen
held lyngbrenninga under kontroll.

Landskapet etter lyngbrenninga.
Foto: SNO

Nøye etterslukking for hand. 

Brenning av 100 dekar lyng- og grashei i verneområdet, skjedde i lag med Statens Naturoppsyn Jæren (SNO).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.