Tilråding om frivilling vern av skog i Hålandsdalen

Fylkesmannen i Rogaland har sendt tilråding om utviding av Hålandsdalen naturreservat til Miljødirektoratet.

Verneområdet ligger i Suldal kommune og utgjør i dag om lag 5718 dekar i areal. Framlegget til utvida vern er på 818 dekar skog mot nord langs Tyssefjorden og 542 dekar skog mot aust, og er ein del av arbeidet med frivillig vern av skog.

Utvidelsen langs Tyssefjorden er for det meste bratt, med mykje bart fjell og ur. Nedre del er prega av blanda lauvskog med ask, gråor, lind, bjørk og litt eik.

I utvidinga mot aust er det ved reservatgrensa og ned mot elva frodig, rik edellauvskog dominert av gammal styva ask og frodig, delvis høgvaksen engvegetasjon med kvitbladtistel, mjødurt, engsnelle, enghumleblom, gulaks, markjordbær og rikeleg med grov nattfiol. Dette kan vere tidlegarwe slåttemark og naturtypren er då lauveng.

Vi fann sjeldne lavartar og lavartar med tyngdepunkt i regnskogmiljø. Området tilfredsstiller krava som naturmangfaldlova §37 set til område som kan vernast som naturreservat.

Hålandsdalen naturreservat blei oppretta i Kongeleg resolusjon av 25. januar 2013 og Suldal kommune fekk forvaltingsmyndighet for reservatet 1. juni 2015.