Naturarven - Verdifulle våtmarker på Jæren

Våtmarkene på Jæren finn du der land møter vatn, til dømes langs Jærstrendene, men og øyriket Håstein – Kjør i vest, og innsjøar, myrer og vassdrag inne på slettelandet. Heile 23 av desse områda er verna som naturreservat, med internasjonal status som Ramsar-område i det såkalla Jæren våtmarksystem.

Besøkssenter våtmark Jæren (BVJ) er eit av 6 nasjonalt godkjente informasjonssenter som skal formidle og skape engasjement om dei uvanleg rike naturverdiane i våtmarkene våre. BVJ er ein stiftelse der Fylkesmannen i Rogaland, Naturvernforbundet i Rogaland og Jæren Friluftsråd sit i styret. Mostun natursenter, Orre friluftshus og Friluftsfyret Kvassheim er del-senter i BVJ, med omfattande informasjon og mange årlege arrangement, undervisning og aktivitetar.

Vi vil sterkt oppmoda deg til å lese meir (og nyte fine bilde) på den helt nye nettsida Besøkssenter våtmark Jæren.

God lesing !

           

Fylkesmannen sin visjon er å ta vare på Rogaland. I dette ligg å ta vare på også dei uerstattelege naturverdiane i vårt mangfaldige landskap - dette er arvesylvet for våre ungar i mange slektsledd.

Vadefugl under trekk langs Jærkysten. 
Vadefugl under trekk langs Jærkysten. Foto: Roy Mangersnes

 

Det er eit nasjonalt miljømål at verdiane i varig verna våtmarksnatur skal oppretthaldast for framtidige generasjonar, og at utrydding av trua artar skal stansast.

Visste du at hundretals fugleartar har våtmarkene på Jæren som matfat og hekke-område? I tillegg kjem eit stort mangfald av planter og andre dyreartar. Jæren våtmarkssystem er vårt Amazonas!