Lokal og sentral høyring - Oppretting av Strandaliane naturreservat ved frivillig vern av skog

Fylkesmannen i Rogaland har sendt ut framlegg til vern av Strandaliane naturreservat i Suldal kommune på ei samordna lokal og sentral høyring. Frist for uttale er sett til 6. juni 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.04.2017

I området frå Kvildal til Bråtveit langs med Suldalsvatnet, har det vorte arbeida med å oppretta nytt naturreservat i samband med ordning for frivillig vern av skog. Strandaliane naturreservat vert på 11.3 km2 i Suldal kommune. Bakgrunnen for vernet er tilbod frå grunneigarar i området.

Føremålet med naturreservatet er å bevare eit stort samanhengande skogsområde med bratte skoglier frå lågland (67 m o.h.) til fjells som er lite prega av nyare inngrep. Fattig boreal og boreonemoral furuskog og lauvskog dominerer. Eldre boreonemoral edellauvskog/haustingsskog av alm, ask og andre edellauvtre dominerer nokre stader på skredjord i lågareliggande delar. På stammane finst fleire sjeldsynte og nasjonalt trua lavartar.

Høyringsbrev med framlegg til vernekart- og forskrift, samt adresseliste og oppsummering frå merknader til melding om oppstart av verneprosess finn ein i høgre marg på sida.

Uttalar skal sendast til: Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 49, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no innan 6. juni 2017.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.