Lokal høyring av forvaltingsplanar for Storamyr naturreservat i Sola og Smokkevatnet i Time

Begge våtmarksreservata vart verna ved kongeleg resolusjon i 1996, og har sidan fått internasjonal verdistatus som  lokalitetar innanfor Ramsar-området Jæren våtmarkssystem. Begge reservata har store plante- og dyrelivsverdiar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.06.2013

Reservata er i privat eige og er omkransa av aktiv landbruksdrift. Fylkesmannen tek sikte på eit godt samarbeid med lokale brukarar. Planane er tufta på verneforskrifta og skal vera i samsvar med verneformålet. Ein forvaltningsplan skal sikra lik forvaltning i heile verneområdet, og gir føringar for bruk, informasjon, skjøtsel og eventuell tilrettelegging.

Planane inneber ikkje endringar i vernereglane, og er ikkje juridisk bindande, men godkjenningvedtaket kan klagast på etter reglane i forvaltningslova.

Merknader til høyringa må sendast Fylkesmannen innan 06.09.2013. Deretter vil innkomne uttalar bli oppsummert, med eventuell revidering av planane, før desse vert oversendt Direktoratet for naturforvaltning for endeleg godkjenning.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.