Godkjent forvaltningsplan for Kyllesvatnet naturreservat

Fylkesmannen i Rogaland har etter lokal høyring nå eigengodkjent forvaltningsplanen for Kyllesvatnet naturreservat. Forvaltingsplanen skal vere eit praktisk hjelpemiddel for å ivareta og fremja verneformålet, og er i tråd med verneforskrifta.

Forvaltingsplanen gir føringar for bruk, informasjon, skjøtsel og eventuell tilrettelegging, og skal sikra lik forvalting i heile verneområdet. Det er eit mål at forvaltninga av området skal vera fleksibel og tilpassa lokale tilhøve. Planen er ikkje juridisk bindande som verneforskrifta, og kan reviderast ved behov.

Ei oppsummering av høyringsinnspela, saman med Fylkesmannens kommentarar, er å finna i godkjenningsbrevet i høgremargen. Etter innspel frå Rogaland Bonde- og Småbrukarlag, er namnet på reservatet endra frå Kydlesvatnet naturreservat til Kyllesvatnet naturreservat. Godkjent plan er og å finna i høgremargen.

Les meir om verneområda i Rogaland her.