Verneområde

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Fylkesmannen er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Fylkesmannen som behandlar søknaden.

Vis meir


24.06.2019

Frivillig vern av Vedvika naturreservat i Vindafjord kommune

Vedvika naturreservat er siste tilskot på lista over naturreservat i Rogaland. Verneområdet har eit særeige miljøhøve som gir grobotn for fleire svært sjeldne artar.

01.02.2019

Stort behov for nye verneområde – også to nasjonalparkar

VERNEVERDIGE OMRÅDE: Det er eit nasjonalt mål at eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar. På oppdrag frå Miljødirektoratet har Fylkesmannen kartlagt område i Rogaland med store verneverdiar. 

18.12.2018

Frivillig vern gir tre nye naturreservat i Rogaland

Tre område med kystfuruskog er verna som naturreservat etter frivillig vern av skog; Stråtveit naturreservat i Vindafjord, Hellebrekkene naturreservat i Tysvær og Hesten naturreservat i Forsand og Strand kommunar.

23.03.2018

Melding om oppstart av frivillig skogvern - tre stader i Rogaland

Fylkesmannen har nå meld oppstart av frivillig vern av skog i tre områder i Rogaland. Føremålet med desse reservata er å verna lågtliggande oseaniske skogsområde med regnskogskarakterar samt innslag av edellauvtre.

02.02.2018

Verdas våtmarksdag – våtmark i urbane strøk

I dag 2. februar vert verdas våtmarksdag markert. Naturtypen våtmark er truga over store delar av verda, på grunn av arealinngrep og aukande urbanisering. Årets tema for dagen er verdien av våtmark for menneske, dyr og plantar i urbane strøk.

30.01.2018

Naturarven - Verdifulle våtmarker på Jæren

Våtmarkene på Jæren finn du der land møter vatn, til dømes langs Jærstrendene, men og øyriket Håstein – Kjør i vest, og innsjøar, myrer og vassdrag inne på slettelandet. Heile 23 av desse områda er verna som naturreservat, med internasjonal status som Ramsar-område i det såkalla Jæren våtmarksystem.

03.11.2017

Godkjenning av forvaltningsplan for Norheimsøy og Lamholmen naturreservat

Fylkesmannen har godkjent forvaltningsplanen for naturreservatet i Finnøy kommune.

06.04.2017

Lokal og sentral høyring - Oppretting av Strandaliane naturreservat ved frivillig vern av skog

Fylkesmannen i Rogaland har sendt ut framlegg til vern av Strandaliane naturreservat i Suldal kommune på ei samordna lokal og sentral høyring. Frist for uttale er sett til 6. juni 2017.

07.03.2017

Melding om oppstart av verneprosess Strondaliane naturreservat i Suldal kommune

I området frå Kvildal til Bråtveit langs med Suldalsvatnet, vert det nå arbeida med å oppretta Strondaliane naturreservat på 13.3 km2 i Suldal kommune. Bakgrunnen for vernet er tilbod frå grunneigarar i området, etter gjeldande ordning med frivillig vern av skog.

17.02.2017

Lokal høyring av forvaltingsplanen for Norheimsøy og Lamholmen naturreservat

Norheimsøy og Lamholmen naturreservat vart oppretta ved kongeleg resolusjon i 1982 som ein lokalitet innanfor verneplan for sjøfugl i Rogaland. Forvaltingsplanen er lagt ut for lokal høyring. Merknadar kan sendast fylkesmannen innan 17. mars 2017.

Fleire nyhende