Overvaking av fisk og vasskjemi i eit utval elver og innsjøar i Rogaland i 2014

Kvart år vert det gjennomført biologisk og kjemisk oppfølging av eit utval kalka innsjøar og elver. Dei viktigaste funna er omtale i ny rapport Fiskeundersøkelser i Rogaland 2014.

Rogaland er eit av fylka i Norge som blei hardast ramma av forsuring. I 1960- og 70-åra var fiskedøden særleg omfattande, og omlag 1/3 av aurebestandane i fylket og 1/5 av laksebestandene døyde ut som følgje av forsuring. I tillegg blei ytterlegare 1/5 av laksebestandane sterkt redusert som følgje av forsuringa. På 1980- og 1990-talet vart det derfor sett i gang omfattande kalking i elver og innsjøar, med god hjelp av kommunar og frivillige. Kalkinga held fram i naudsynt omfang, i om lag 180 innsjøar og 10 lakseelver.

De siste par 10-år har forsuringa blitt vesentleg redusert, og fisken og anna biologisk liv har komme tilbake i ei rekke fisketomme innsjøar, sjølv utan kalking. Dette har forsterket behovet for fortløpande evaluering av behovet for vidare kalking. Det vert derfor kvart år gjennomført omfattende biologisk og kjemisk oppfølgning av eit utval kalka innsjøar og elver. I tillegg følgjer vi også utviklinga av einskilde andre lokalitetar som ikkje er forsura eller kalka. Desse fungerer som viktige referansar.

Spørsmål eller merknader til saka: Fylkesmannen i Rogaland v/Irvin Kilde, epost  fmroiki@fylkesmannen.no