Fiskeundersøkingar i Rogaland 2012

Både i vassdraga langs Jærkysten og i Ryfylke vart registrert mykje lakseyngel. I begge områda var det lite aureyngel. I 2012 vart også gjennomført prøvefiske og vannkvalitetsundersøkingar i kalka og ukalka vatn. pH-prosjektet syner stor betring i høve til 1980-åra, men små endringar frå 2007.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.01.2013

Tettleiken av laks i jærelvane (Fuglestad/Kvassheim/Figgjo) var som tidlegare år høge til svært høge. Tettleiken av aure vår låg. I Ryfylkeelvane (Dirdal/Ulla/Håland) var og tettleiken av laks høg men likevel noko lågare enn i jærelvane. Tettleiken av aure var låg.

Kort oppsummering av undersøkingane i fjellvatna: I Hengjanevatn og Svortingsvatn var det framleis restar av kalkingseffekt, sjølv om innsjøane ikkje har vore kalka sidan 2009. Begge innsjøane hadde relativt tett aurebestandar. Øvre Buksetjørn var litt surare enn i de to førnemnde vatna. Bra aurebestand, men prøvefiske viste en sannsynleg høg del gamal fisk i bestanden.
I Storådalen ved Nilsebu vart det funne ein tett aurebestand i dei store lonene lengst nede i dalen. Omlag 30 % av fangsten her var bekkerøye. Bekkerøya reproduserer naturleg i Storådalen, og det vart funne fisk heilt opp til Kromsåkvelven. I Lysedalen vart det registrert  liten tettleik av aure. Vatnet her har svært låg leidningsevne ("tynt").

Vasskjemisk overvaking av Dirdalselva gav eit årsmiddel på pH=5,90 ved skolen og 5,59 i Giljabekken. Dei lågaste målte verdiane var PH=5,66 ved skolen og 5,25 i Giljabekken.

I Storåna i Ørsdalen var middelverdien for pH=5,59. Lågaste målte verdi var 4,84. Ein interessant observasjon var at pH-minimum ikkje inntraff ved snøsmeltinga i april/mai, men tidlegare på vinteren.

pH-prosjektet omfatta innsamling av vassprøver og analyse av vasskjemi frå omlag 400 ukalka vatn i heile fylket. Det er ei stor forbetring i pH sidan 1980-talet, men relativt små forskjeller i høve til undersøkingane i 2002 og 2007. i tillegg til pH vart det analysert for leiingsevne, Ca, Cl, Na, farge og alkalitet. Ein hovedtendens er at ioneinnhaldet avtar austover i fylket.

Du finn heile rapporten i lenka i høgremenyen ! 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.