Vatn

Oppdatert 20.12.2023

Vatn er ein livsnødvendig ressurs for alle. Vi har mykje reint vatn i Noreg, men ikkje alt vatnet har like god kvalitet.

Dette er dei viktigaste årsakene til dårleg vasskvalitet:

  • forureining som forsuring, overgjødsling og spreiing av miljøgifter
  • fysiske endringar som vassdragsregulering, hindringar som for eksempel vegar og jernbaner, og grøfting og andre tiltak som styrer vatnet i kanalar
  • biologiske påverknader som framande fiskeartar, rømt oppdrettsfisk og lakselus

Samarbeid om vassforvaltning

Vatnet renn dit det vil. Dei fleste vasskjeldene strekkjer seg over fleire kommunar eller fylke, og nokre deler vi med nabolanda våre. Derfor må vatnet forvaltast i samarbeid mellom lokale, regionale og sentrale styresmakter. Her samarbeider vi også med nabolanda Sverige, Finland og Russland. 

Noreg er delt inn i elleve vassregionar. Éin fylkeskommune i kvar region er peikt ut som vassregionstyresmakt. 

Statsforvaltarens oppdrag

Klima- og miljødepartementet er ansvarleg styresmakt for innføringa av EUs rammedirektiv for vatn. Statsforvaltaren er departementets representant på regionalt nivå, og skal 

  • samle kunnskap om tilstanden på vatnet og gi ei vurdering av miljøtilstanden
  • overvake og kartleggje problem
  • fungere som miljøfagleg rådgivar for andre involverte styresmakter

Vatnet blir påverka på mange ulike måtar. Omsynet til at vi skal ha reint vatn no og i framtida, må vere ein del av vurderinga på alle fagområde.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 29.05.2015

Småsalamanderen trivast på Randaberg

Den vesle dammen ytterst på Vistnes på Randaberg var nær ved å gro igjen. Det var dårleg nytt for småsalamanderen, som levde i dammen. I vinter vart dammen reinska og utvida, for å sikre tilstrekkeleg vatn i mange år framover.


Publisert 27.05.2015

God vasskvalitet i sør, verre i nord

I Dalane er tilstanden til landbrukspåverka elver og bekker generelt god, mens det i deler av Ryfylke og på Haugalandet vil vere eit større arbeid med å løfte vasskvaliteten opp til god økologisk tilstand.


Publisert 16.04.2015

Marin naturtypekartlegging i Rogaland 2012-2015

Prosjektet "marin naturtypekartlegging i Rogaland" vart starta opp i 2012, og er no avslutta. Tysdag 14. april markerte Fylkesmannen i Rogaland dette ved å halde avslutningsmøte i Statens hus. 


Publisert 26.02.2015

Nye funn av den trua elvemuslingen i Strand

Elvemusling er no funne på to nye lokalitetar i Strand kommune, og utbreiingskarta for arten må derfor skrivast om.


Publisert 19.02.2015

Overvaking av fisk og vasskjemi i eit utval elver og innsjøar i Rogaland i 2014

Kvart år vert det gjennomført biologisk og kjemisk oppfølging av eit utval kalka innsjøar og elver. Dei viktigaste funna er omtale i ny rapport Fiskeundersøkelser i Rogaland 2014.


Publisert 09.01.2015

Innspel til plan- og tiltaksprogram regional plan for vassforvalting i Rogaland

Fylkesmannen har gitt innspel til konkrete betringar i plan- og tiltaksprogrammet til den regionale planen for vassforvalting som er under arbeid.


Publisert 02.12.2014

Tilskotsordningar i 2015 vassmiljøtiltak og vassforvaltning

Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern og forureining. Alle søknadar skal sendast gjennom elektronisk søknadssenter i Miljødirektoratet. Søknadsfristen er 15. januar 2015 for dei fleste tilskotsordningane.


Publisert 07.10.2013

Fiskeundersøkingar i Rogaland 2012

Både i vassdraga langs Jærkysten og i Ryfylke vart registrert mykje lakseyngel. I begge områda var det lite aureyngel. I 2012 vart også gjennomført prøvefiske og vannkvalitetsundersøkingar i kalka og ukalka vatn. pH-prosjektet syner stor betring i høve til 1980-åra, men små endringar frå 2007.


Publisert 04.12.2012

pH-kart for Rogaland 2012

Fylkesmannen har på nytt oppdatert "pH-kartet" for Rogaland. 406 prøver frå ukalka lokaliteter i heile fylket er samla inn. I dag har omlag 5% av vatna pH under 5. I 1980-åra hadde til samanlikning omlag 20% av fylket så surt vatn. Betringane siden den gong er store!


Publisert 15.06.2011

pH-status for vassdrag i Rogaland

Omlag 1/5 av vassdraga i Rogaland er framleis så sure at auren har problem med å formere seg. Frå 2002 til 2007 har ein del vatn vorte litt surare. Den sterke forbetringa i vasskvaliteten har stoppa opp.