Nei til utbygging av vasskraft i Hjelmeland og Forsand

Olje- og energidepartementet har vedtatt at det ikkje blir gitt løyve til bygging av Songesand kraftverk i Skurvedalen i Forsand kommune. Samstundes har Noregs vassdrags- og energidirektorat avslått søknadane om utbygging av Storåna, Lyngsåna og Sandvassåna kraftverk i Hjelmeland kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.11.2017

Småkraft AS fekk i 2015 konsesjon av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til å bygge Songesand kraftverk i Skurvedalen i Forsand. Stavanger turistforeining, Naturvernforbundet i Rogaland og Fylkesmannen i Rogaland klaga på NVE sitt vedtak.

Verdfullt naturområde

Bakgrunnen for Fylkesmannen sin klage var at reiselivsinteresser og natur- og opplevingskvalitetane i området er av nasjonal verdi, og at desse vil bli betydeleg skadelidande ved ei utbygging.

Olje- og energidepartementet (OED) valde å ta klagene til følgje, og det vert dermed ikkje gitt løyve til bygging av Songesand kraftverk (sjå vedlagt brev frå OED). Dette er eit endeleg vedtak og kan ikkje påklagast.

Bilete av midtre tjørn (venstre) og øvre del i Skurvedalen (høgre) - fotograf Rune Folkvord

Clemens Kraft AS søkte tidlegare i år om løyve til å bygge tre småkraftverk i Hjelmeland kommune: Storåna, Lyngsåna og Sandvassåna. Fylkesmannen hadde motsegn til bygging av Storåna og Lyngsåna kraftverk grunna stor negativ verknad på nasjonale og vesentlege regionale interesser innan natur, landskap og friluftsliv. Vidare hadde vi fagleg råd om å ikkje gje løyve til bygging av Sandvassåna kraftverk (fullstendig uttale er lagt ved).

Fordelane må vera større enn ulempene

I brev av 24. november 2017 orienterte NVE om at dei meiner kriteria i vassressurslova § 25: «Konsesjon kan bare gis hvis fordelene ved tiltaket overstiger skader og ulemper for allmenne og private interesser som blir berørt i vassdraget eller nedbørfeltet», ikkje er oppfylt. NVE kjem difor til at dei ikkje gjev løyve til bygging av Storåna, Lyngsåna eller Sandvassåna kraftverk.

Les meir om grunngjevinga for vedtaka på NVE sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.