Vassdrag

Tiltak i og langs vassdrag som kan ha betydning for leve- og produksjonsområde for fisk og/eller andre ferskvassorganismar og krev i dei fleste tilfelle løyve etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.


18.03.2019

Ny rettleiar om kantvegetasjon langs vassdrag

Kantvegetasjon i form av urter, gras, buskar og tre, dannar næringsgrunnlaget for livet i og langs vassdrag. Eit kantvegetasjonsbelte kan òg bidra til å binde kantsona og redusere faren for erosjon. Kantvegetasjonen langs vassdraga våre er under sterkt press, og er omhandla av ei rekke lover. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har difor no laga ein rettleiar om kantvegetasjon. Rettleiaren tar føre seg myndigheitsutøvinga etter vassressurslova §11 og avklarar forholdet til andre lover som rører ved kantvegetasjon langs vassdrag.

29.08.2017

Rettleiing ved søknad om tiltak i vassdrag

Alle tiltak i og langs vassdrag kan endre leve- og produksjonsområde for fisk og/eller andre ferskvassorganismar og krev i dei fleste tilfelle løyve etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.

09.07.2018

Seminar om fiske- og vassdragsforvalting 2018

10. september blir det haustseminar om fiske- og vassdragsforvalting i Rogaland. Aktuelle tema for dagen er mellom anna regelverk og eksempel knytt til tiltak i vassdrag, flytting og utsetting av fisk og tilstanden til vassdrag/fisk i Rogaland.

04.01.2018

Naturarven - Våre historiske laksevassdrag

Miljøvernavdelinga har no fått gjort tilgjengeleg historiske registreringar av våre lakseelver i Rogaland. Dette er ein skatt for alle som er interessert i våre vassdrag, og ikkje minst elveeigarar og fiskarar!

30.11.2017

Nei til utbygging av vasskraft i Hjelmeland og Forsand

Olje- og energidepartementet har vedtatt at det ikkje blir gitt løyve til bygging av Songesand kraftverk i Skurvedalen i Forsand kommune. Samstundes har Noregs vassdrags- og energidirektorat avslått søknadane om utbygging av Storåna, Lyngsåna og Sandvassåna kraftverk i Hjelmeland kommune.