Ofte stilte spørsmål om støy og forureining

Vi har samla nokre av dei mest vanlege spørsmåla Fylkesmannen får dagleg og gitt eit svar på desse. Du finn lenker til aktuelt regelverk og omtale av korleis ulike forureiningsproblem kan løysast.

Støy

Kor finn eg reglar om støy?

Buss står på tomgang på snuplassen utanfor huset vårt seine kveldstimar. Kan Fylkesmannen gripe inn og stanse denne støyen med forureiningslova? 

Vogntog med kjølerom står med aggregatet på utanfor verksemda nattestid og ventar på å få levert varer. Vi får ikkje sove, kan Fylkesmannen gripe inn og stanse dette? 

  • Fylkesmannen ønsker at melding om slike hendingar / støyforureining skjer via skjemaet lagra på nettsidene våre.
  • Dersom verksemda har ein forureinande aktivitet som utslepp til luft, jord eller vatn og dei har fått eit utsleppsløyve med vilkår frå Fylkesmannen, kan vi gripe inn. Fylkesmannen vil vurdere om løyve skal endrast og det kan settast nye vilkår for transport. Ei slik endring vil ta mellom 6 og 9 månader etter at dokumentasjon og søknad er motteke. Det same gjeld om verksemda forureinar og skal ha eit nytt utsleppsløyve.
  • Om verksemda ikkje har utslepp via ordinær drift, vil ikkje Fylkesmannen regulere verksemda i eit løyve med vilkår. Då gjeld svaret i punktet om tomgangkøyring ovanfor. Ta kontakt med kommunen og verksemda direkte.

Verksemnda i nabolaget har utsleppsløyve der det er sett vilkår for støy. Eg får likevel ikkje sove om nettene på grunn av støyen, vindauge og dører må vere opne grunna sommarvarmen. Kva kan eg gjere?

  • Hendinga må registrerast og dokumenterast så godt som råd. Ta først kontakt med verksemda direkte for å få dei til å dempe aktivitene. Det kan hende dei ikkje er klar over problemet. Elles kan du nytte skjema for den uønska aktivitet og sende utfylt skjema til Fylkesmannen.

Eg er nabo til flyplass kor støyen er slik at eg har problem med å sove. Kva kan eg gjere?

  • Ta kontakt med Avinor og få ei vurdering av om støykartlegginga har ført til behov for ulike støytiltak på din eigedom. Flyplassar, vegar, jernbane og hamner er regulert av forureiningsforskrifta kapitel 5 om støy. Anleggseigar har plikt til å kartlegge og gjennomføre tiltak når grenseverdiane for støy vert brotne.

Eg er nabo til landingsplass for helikopter ved sjukehuset og vert plaga av støy. Det er ikkje mogleg å snakke utandørs, dukar og parasollar bles vekk. Kva kan eg gjere?

  • Ta kontakt med Avinor, helikopterlandingsplassar skal ha konsesjon og Avinor fører tilsyn med at konsesjonsvilkåra er oppfylt.

Eg er plaga av støy frå vegen og denne berre aukar. Kvifor vert det ikkje sett opp støyskjermar? Kan eg be om støyskjerming av min bustad?

  • Ta kontakt med vegstyresmaktene. For motorvegar og større gjennomfartsvegar vil det vere Statens vegvesen og for små vegar kommunen.
  • Forureiningsforskrifta §5.4:
    "Når det gjennomsnittlige støynivået innendørs over døgnet overskrider 42 dB LpAeq,24h i eksisterende bygninger, skal det gjennomføres tiltak etter §5-9. Tiltaksgrensen skal være overholdt fra og med 1. januar 2005. Kartlegging av innendørs støynivå ned til 35 dB LpAeq,24h skal ha vært gjennomført innen 30. juni 2007 av vegeier og skal gjentas hvert 5. år. Støyverdiene skal beregnes. Innen 30. juni 2012 skal det utarbeides støykart som viser støysituasjonen for foregående kalenderår for veier med mer enn 3 millioner kjøretøypasseringer per år, jernbaner med mer enn 30 000 togpasseringer per år, sivile flyplasser med mer enn 50 000 flybevegelser i året som nærmere beskrevet i vedlegg 4 og byområder med mer enn 100 000 innbyggere."
  • I Rogaland gjeld den nye kartlegginga Stavanger, Sandnes og Randaberg kommunar. Frå før har Sola flyplass, Jernbaneverket og Statens vegvesen kartlagt sine område. Forureiningsstyresmaktene skal sjå til at kartlegginga finn stad.

 

Utsleppsløyve

Treng eg løyve etter forureiningslova for mi verksemd? 

  • Orientering om verksemda skal sendast Fylkesmannen. Alle utslepp til luft, jord og vatn skal gjerast greie for. Ved oppstart av ny verksemd, må området vere regulert etter plan- og bygningslova for denne typen verksemd.

 

Høyring nye løyve

Treng eg løyve etter forureiningslova for mi verksemd?

  • Løyve gitt av Fylkesmannen vert lagt ut på nettsidene under høyringar

 

Ansvarlege styresmakter

Kven er rette myndigheit for ulike sakstypar?

Kven er rett myndigheit for klager på tvangsmulkt sett av kommunen etter forureiningslova?

  • Det er Fylkesmannen. Kommunen har fått myndigheit delegert frå Miljøverndepartementet og næraste statlege forvaltingsorgan i fylket er Fylkesmannen.
    Jf forvaltingslova §28. Dette står omtala på side 146 i "Forurensningsloven med kommentarer" ISBN 82-05-338901-5 av Øystein Wang, Statens forurensningstilsyn.

 

Saker til høyring

Kor finn eg saker som er lagt ut til offentleg høyring?

  • Sjå nettsidene til Fylkesmannen under menypunktet høyringar.