Frafjordheiane landskapsvernområde

I statsråd 19.12.2003 er Frafjordheiane landskapsvernområde oppretta. Landskapsvernområdet er på omlag 418,6 km2 og omfattar areal i Forsand og Gjesdal kommunar i Rogaland fylke og i Sirdal kommune, Vest Agder fylke.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.12.2003

Oppretting av landskapsvernområdet er ei oppfølging av St.melding nr 62 (1991-92) Ny
landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge og som blei handsama
av Stortinget våren 1993.

Landskapet

I Frafjordheiane er det både høghei og låghei med dramatiske og varierte
landskapsformer som blei danna under istida. Det er djupe dalar som stig
gradvis mot meir småkupert, typisk høghei i aust. Arbeidet til isbreane og
vatnet under istida har ført til at det er avsett store mengder lausmassar i
form av terrassar og randmorenar. Bratte fjellsider med ur og skog gir
området kontrastar mot fjorden og jordbrukslandskapet inst i dalane.

Flora

Det er ein relativt fattig flora når det gjeld artar, men her finner vi og frodige dalar
med mangfaldig vegetasjon, spesielt Røssdalen som har eit stort særpreg.
I naturreservata Migaren og Ørestø er det eit stort mangfald av naturtypar og
artar, mellom anna rik edellauvskog (eik, alm, lind) med styvingstre.

Friluftsliv

Heile området har store kvalitetar i høve til oppleving og friluftsliv, og området blir mykje brukt sommar og vinter. Fire turisthytter med merka stinett ligg innafor vernegrensa. Verneområdet ligg mot Lysefjordens om er eit av dei mest storslåtte og særprega fjordlandskapa i Rogaland. Ein stor turistattraksjon – Kjerag- ligg innafor vernegrensa. Dette er ein populær plass for basehopparar og fjellklatrarar. I verneområdet ligg og ein annan av Rogaland sine mest vitja turistattraksjonar – Månafossen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.