Forvaltningsplan for Nord-Talgje naturreservat

Nord-Talgje er ei naturperle midt i Ryfylke. Her trivst både båtfolk og naturinteresserte. Landskap, geologi og kulturhistorie gjev område særlege kvalitetar. Fylkesmannen har nå godkjent forvaltningsplan for reservatet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.02.2006

Reservatet vart freda ved Kronprinsregenten sin resolusjon av 26. november 2004. Fylkesmannen har forvaltningsansvaret, og godkjende 8. februar 2006 forvaltningsplanen for området. Det verna området er på 2,11 km2.

Geologien med marmorfjell saman med eit mildt oseanisk klima gir grunnlag for eit einestående planteliv, med over 330 påviste artar. Her finst fleire rike skogstypar. Reservatet omfatter gruntvanssområde og skjergard. I 20 år har Nord-Talgje vore eit mykje besøkt båtutfartsområde. Ryfylke friluftsråd står for tilrettelegging.

Samstundes er store areal i reservatet prega av landbruksdrift, i første rekkje beite. Dei samla verne- og bruksinteressene gir store utfordringar til ei samkjørt og berekraftig forvaltning. Pågåande arbeid rettar seg i første rekkje mot

  • Differensiert skjøtsel av artar og økosystem, der enkelte soner får ei naturleg utvikling, medan andre (til dømes lynghei og beiteskog) får omfattande skjøtsel med hogst og brenning
  • Naturvennleg tilrettelegging og informasjon for friluftsliv, både for båtfolk og turgåarar gjennom flott jordbrukslandskap
  • Best muleg samarbeid med lokale landbruksinteresser, med tilpassa beitebruk, kristtornskjering og rydningshogst

Vårmarihand og ramsløk i askeskog. Foto: Per Kristian Austbø

Mot kveld i Rossmorkvågen. Foto: Per Kristian Austbø

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.