Erstatning i 2019 for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland

I beitesesongen 2019  var det lite tap/skadar på husdyr der freda rovvilt var skadegjerar. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr. 19 435,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2019.

Me har fått 6 søknadar om erstatning, og desse søkar om erstatning for 20 lam tatt av kongeørn og 27 sau/lam sau drepen av freda rovvilt. Totalt er det søkt erstatning for 47 lam/sauer drepen eller skada av store rovdyr. Søknadane kjem frå sauebesetningar som beiter i Bjerkreim, Eigersund, Hjelmeland, Hå, Sirdal og Valle kommunar.

I alt 56 kadaver mistenkt drepen av freda rovvvilt er undersøkt av Statens naturoppsyn i vårt fylke i 2019. Av desse er 8 dyr dokumentert/antatt sikkert drepne av kongeørn i Bjerkreim, Hå og Hjelmeland kommunar. I tillegg er det usikkert om kongeørn har drepe 1 dyr undersøkt i Eigersund. Dei andre kadavera er anten drepne av rev, ikkje rovvvilt, ulykke, sjukdom eller at det er ein usikker årsak.