Lisensjakt på jerv, ulv og gaupe 2015-2016

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1 i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylker.

Lisensjakta gjeld for heile Rogaland. Jakttida er frå 10.september 2015 til 15.februar 2016. Det er eit mål å auke talet på jervar som blir felte under lisensjakta slik at behovet for ekstraordinært uttak vert mindre.

Nemnda vedtok også lisensjakt på tre ulvar i region 1 for perioden 1. oktober 2015 – 31. mars 2016. Av denne kvota er ein ulv felt i Vest-Agder (20. juni), slik at det no er att to ulvar på lisensjakta. I tillegg vedtok nemnda kvotefri gaupejakt i heile regionen frå 1. februar 2016 – 31. mars 2016.

Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens. Jakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.

Jegerar som skal på jakt pliktar å halde seg oppdatert om den attverande kvoten på telefon (automatisk telefonsvarar) : 51 56 89 00. Den som feller, eller løyser skot mot, jerv, ulv eller gaupe, skal også straks melde frå til Fylkesmannen på tlf. 986 76 987 og kommunen. Felte dyr skal synast fram for Statens Naturoppsyn for kontroll.