Løyve til skadefelling av jerv

Fylkesmannen har gitt Rogaland bondelag løyve til skadefelling av ein jerv i kommunane Hjelmeland og Suldal. Løyvet gjeld i tida frå 1. januar 2015 til og med 31. januar 2015

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.01.2015

Jakta skal utførast av skadefellingslaget i Nord Rogaland, og er gitt etter Naturmangfaldslova § 18 b for å førebyggja rovdyrskade komande beitesesong. Løyvet inneber at fellingslaget får høve til å leggja ut fem åter etter jerv, og at dei kan nytta snøskuter til frakt til og frå åtet. Det er ikkje lov å nytta skuter til å oppspora eller jakta på jerven.

I 2014 blei 14 sauer og 32 lam erstatta som antatt tap til jerv i Rogaland. I 2013 var tilsvarande tal 5 sau og 33 lam. Eit lam frå Rogaland er dokumentert tatt av jerv i Sirdal hausten 2014. Det er ikkje dokumentert tap av sau til jerv i Rogaland  i 2014, men det er sikre dokumentasjonar frå 2010, 2011, 2012 og 2013. Alle er funne i Suldal kommune.

For Rogaland sin del kjennar ein til ein jerv som i periodar går i Setesdals-heiane. Dette er ein jervhann med ID-nr 240. Det er og funne spor av jerv i området vinteren 2014, og eit dyr vart sett i Sirdal hausten 2014. Til saman har 3 ulike jervhannar vore identifisert i dette området sidan 2007.To av dei er skotne.

Heile fjellområdet er viktig beitemark for sau, og me vurderer skadepotensialet som vesentleg. Det beiter mykje sau i området, og jerven bruker å bli verande over vinteren. Ut frå at lisensjakta ikkje synes å vera tilstrekkelig effektiv, finn ikkje Fylkesmannen andre realistiske førebyggande tiltak.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Dokumenter