Erstatning i 2017 for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland

Skadesituasjonen i 2017 var ganske lik som i fjor. Begge desse beitesesongane vart prega av meir enn vanleg tap av lam/sau til jerv. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr 535 832,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.02.2018

Me fekk 23 søknadar om erstatning, og desse søkar om erstatning for 299 lam/sau som er tatt av jerv og 70 lam/sau tatt av kongeørn. Totalt er det søkt erstatning for 369 lam/sauer drepen eller skada av store rovdyr. Flest søknadar kjem frå sauebesetningar som beiter i Suldal. Resten av søknadene kjem frå Odda, Vinje, Åseral, Hjelmeland, Forsand, Eigersund og Vindafjord kommunar.

I alt 89 kadaver mistenkt drepen av freda rovdyr er undersøkt av Statens naturoppsyn i vårt fylke i 2017. Av desse er 23 dyr dokumentert drepne av jerv, medan 22 er registrert som truleg drepen av jerv i Suldal kommune. 2 dyr er dokumentert og 1 dyr truleg drepen av kongeørn i Gjesdal, Hjelmeland og Sokndal kommunar. Dei andre kadavera er anten drepne av rev, ikkje rovdyr, hund, ulykke, sjukdom eller at det er ein usikker årsak.

I tillegg er det 2 lam frå Rogaland som er dokumentert drepen av jerv i Vinje kommune.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar