Rovvilt

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Fylkesmannens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir


18.10.2019

Søknad om erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2019

Fristen for å søke erstatning for skadar på og/eller tap av husdyr er 1. november. Søknaden skal sendast gjennom Elektronisk søknadssenter. Oppdaterte besetningslister må følgje med søknaden.

12.09.2019

Lisensjakt på jerv og ulv 2019 – 2020

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jerv og 3 ulv kan fellast i Region 1 i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylker. Lisensjakta gjeld for heile Rogaland. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens. Jakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.

08.04.2019

1 gaupe er felt i Rogaland under jakta

Det vart 29. mars felt 1 gaupe i Dalen ovanfor Jørpeland i Strand kommune. I rovviltregion 1 som Rogaland er del av, var det kvotefri jakt på gaupe i perioden 1. februar til 31. mars 2019. Jaktperioden for gaupe er altså no over.

19.03.2019

Regjeringa har endra på lisensperioden for ulv utanfor ulvesona

Lisensperioden er opphavleg ut mars månad, men er no endra til ut mai månad. 

18.12.2018

Erstatning i 2018 for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland

I beitesesongen 2018  var det lite tap/skadar på husdyr der freda rovvilt var skadegjerar. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr. 25 904,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2018.

18.12.2018

Kvotefri gaupejakt i region 1 for 2019

Rovviltnemnda har i møte 14.12.2018 vedteke kvotefri gaupejakt for heile region 1 i 2019.

07.09.2018

Lisensjakt på jerv og ulv 2018 – 2019

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jerv og 3 ulv kan fellast i Region 1 i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylker. Lisensjakta gjeld for heile Rogaland. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens. Jakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.

18.06.2019

Kontaktpersonar ved dokumentasjon av rovviltskadar på husdyr

Årets beitesesong er straks i gang. Statens naturoppsyn (SNO) har eit landsdekkande nettverk av 12 regionalt rovviltansvarlege. Nedanfor finn du liste med namn og telefonnummer over kontaktpersonar i Rogaland.

12.02.2018

Erstatning i 2017 for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland

Skadesituasjonen i 2017 var ganske lik som i fjor. Begge desse beitesesongane vart prega av meir enn vanleg tap av lam/sau til jerv. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr 535 832,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2017.

01.02.2019

Snart frist for å søka om førebyggande tiltak mot rovdyrskadar og konfliktdempande tiltak

Privatpersonar, organisasjonar og kommunar kan søke om midlar til førebyggande tiltak mot rovdyrskadar og konfliktdempande tiltak. Fristen er 15. februar for rovviltregion 1 Rogaland, Agder og Vestland.

Fleire nyhende