Uttale om nasjonal ramme vindkraft på land: – Må vurdera om tolegrensa er nådd

Fylkesmannen i Rogaland meiner store område i Rogaland må takast ut av nasjonal ramme for vindkraft
Fylkesmannen i Rogaland meiner store område i Rogaland må takast ut av nasjonal ramme for vindkraft (Foto: Fylkesmannen i Rogaland / Fylkesmannen i Rogaland)

To av dei 13 områda i forslaget til nasjonal ramme for vindkraft på land ligg i Rogaland. Ramma må korrigerast, og vera del av ein samla og overordna energistrategi. Store område må takast ut av ramma, meiner Fylkesmannen i Rogaland. 

Det må vurderast nøye om ikkje alt konsesjonsgitt vindkraft nå er ved ei tolegrense for samla belastning på allmenne interesser i Rogaland. Fylkesmannen foreslår vesentlege kartendringar i dei to utpeikte del-områda i Rogaland; Sunnhordland og Haugaland, og Vest-Agder og Rogaland. 

I høyringsuttalen vår vurderer me regional utpeiking av område, gjennom regionale planar, som alternativ til nasjonal ramme. Dette kan gi regionane betre involvering og styring av utbygging, auka høve til medverking for folk, og i sterkare grad bygga på regional kunnskap, samfunnsbehov og natur- og kulturverdiar. Ei slik løysing kan samtidig gi styringsutfordringar for vindkraftutbygging, som del av ein region-overskridande nasjonal energistrategi. Me tilrår derfor at nasjonal ramme bør vidareførast. 

Kunnskapsmanglar og svake vurderingar

I nasjonal ramme, slik den er sendt på høyring, måtte NVE vurdera vindkraftpotensiale og konfliktgrad i eit nasjonalt perperspektiv. NVE valde derfor å behalda to av områda som delvis ligg i Rogaland. Når NVE i si vurdering av desse to områda legg vekt på relativt lågare konfliktgrad, så illustrerer dette etter vårt syn at den gjennomførte analysen har vesentlege kunnskapsmanglar og til dels svake vurderingar.

Vindkraftutbygging i sentrale delar av desse områda forringar i sterk grad verdiar, mellom anna kjerneområde for mykje brukte og tilrettelagte regionale friluftsareal, med stor allmenn konflikt.

Vindkraftramma peiker på manglande kunnskap om friluftsliv. Det blir hevda at i mange tilfelle er kunnskapsgrunnlaget så svakt at det ikkje har vore forsvarleg å ta temaet friluftsliv med som eit avgjerande kriterium for vurderinga av dei aktuelle områda. I Rogaland er det ikkje eit svakt kunnskapsgrunnlag om friluftsliv og landskapsverdiar.

Rogaland fylkeskommune har i mange år opparbeidd stor kunnskap om bruk av friluftsområda i fylket. Gjennom tett samarbeid med kommunane, Fylkesmannen, friluftsråd og lokale turistforeiningar, er det uvanleg godt tilrettelagt for eit omfattande friluftsliv. Bruken er godt kjent og dokumentert. Regionplanen for friluftsliv har nyleg blitt revidert. Den manglande kunnskapen om friluftsliv-data, som ramma peiker på, og som derfor har fått nasjonal «undervekt» i områdeforslaga, slår derfor heilt feil ut for Rogaland sin del.

Store område i Rogaland må ut av ramma

Dei to områda i fylket vårt som er peika på som aktuelle vindkraftområde, er grenseområda Sunnhordland/Haugalandet og Vest-Agder/Rogaland. Fylkesmannen i Rogaland meiner større område, både i nord og sør, må ut av vindkraftramma.

Område Sunnhordland og Haugaland (kap. 51 i rapporten)

Området er i overgangen frå kysthei til furu- og varmekjær skog i indre lågland. Naturen er variert, med samla høgt mangfald i komplementære naturtypar. Dei topografiske forholda skaper naturvariasjon i liten skala, men også vidare geografisk variasjon i klima.

  • Skogsområda har naturtypar som er eksepsjonelt utsette for inngrep.
  • Vindkraftanlegg hindrar viktige fugletrekk. Dette er viktige heimeområde for hubro og havørn.
  • Området er eit viktig reiselivsmål og friluftsareal for befolkninga på Haugalandet, men også for folk rundt heile Boknafjorden, Stavanger og Nord-Jæren inkludert.

Område Vest-Agder og Rogaland (kap. 52 i rapporten)

I Rogaland inngår område i kommunane Gjesdal, Bjerkreim og Lund. For Gjesdal og Bjerkreim er det dei nordlege områda som er tatt med, mens det i Lund er eit langstrakt område mot aust, langs grensa til Vest-Agder. NVE meiner området har plass til mange vindkraftverk av ulik storleik. NVE skriv i forslag til nasjonal ramme at det i dette område er viktige miljø- og samfunnsinteresser knytt til mellom anna fugl og friluftsliv, men at deira analysar tilseier eit relativt lågt konfliktnivå. Det er me ikkje einige i.

  • Delområdet har nasjonale landskapsverdiar.
  • Det er eit regionalt kjerneområde for friluftsliv, med særs viktige og varierte biologiske kvalitetar av til dels nasjonale/internasjonal kvalitet (fugletrekk).
  • Det verna Bjerkreimsvassdraget ligg her. Vassdraget er av kritisk betydning for landskap og naturmangfald og har viktige verdiar knytt til friluftsliv og kulturminne. Området er foreslått som nasjonalpark i supplerande vern-prosessen.
  • I ei vurdering av samla belastning må desse verdiane vektast mot dei til nå uvanleg mange vindkraftanlegga som at er godkjent og under bygging i Sør-Rogaland.

Konklusjon

Om det framleis skal leggast til rette for vindkraftverk på land, må nasjonal ramme for vindkraft vidareførast. Ramma må følgast opp som grunnlag for eit nasjonalt utviklingsarbeid som del av ein samla og overordna energistrategi. Dette for å få god samfunnsøkonomi, føreseielege prosessar, reduserte konfliktar, betre konsesjonsprosessar, nasjonal styrking av kunnskapsgrunnlag og meir overordna vurderingar og omsyn til samla belastning for natur- og kulturverdiar.

Heile høyringsuttalen er lagt ved denne nettartikkelen