Ikkje lenger lov å sleppe ut lakselus-medisin i reke- og gytefelt

Illustrasjonsbilde av lakseoppdrett
Akvakulturanlegg må være forsiktig med behandlingsvatn framover (Foto: Brataffe / Creative Commons)

Fylkesmannen i Rogaland har i det siste sett krav til at brønnbåtar ikkje kan tømme behandlingsvatn ved merdkanten om akvakulturanlegga ligg nær reke- og gytefelt. No har Nærings- og fiskeridepartementet endra akvakulturdriftsforskrifta.

Endringane til akvakulturdriftsforskrifta betyr at når eit akvakulturanlegg ligg i eller nærare enn 500 m frå eit reke- eller gytefelt, må all badebehandling med legemiddel skje i brønnbåt. Brønnbåten må deretter forlate merdkanten og finna ein eigna plass å tømme behandlingsvatnet. Tømmeplassen skal fastsetjast ut frå ei  miljørisikovurdering, slik at medisinrestar ikkje får negativ verknad på naturmangfaldet.

 

Endringa vert gjort på bakgrunn av lokal forsking hos NORCE (tidlegare IRIS/Rogaland Forskning). Endringa trer i kraft straks. Over 400 anlegg på landsbasis blir berørt av endringa med noko meirarbeid for brønnbåtane.