Rogfast: Vegvesenet fekk delvis medhald av Miljødirektoratet

Rogfast skal knyta nord- og sørfylket saman. I tillegg blir Kvitsøy
Rogfast skal knyta nord- og sørfylket saman. I tillegg blir Kvitsøy "landfast". (Foto: Fylkesmannen i Rogaland)

Statens vegvesen klaga på Fylkesmannen i Rogaland sine krav om at utfylte massar skulle vera reine, og at utfyllingsmassane ikkje skulle innehalde skyteleidningar av plast. Miljødirektoratet har tatt klagen delvis til følgje og sett nye krav til gjennomføringa av første fase av Rogfast-prosjektet.

Dette er gjort for å sikra at det bli tatt nødvendige omsyn til miljøet.

Statens vegvesen Region vest (SVV) klaga på vilkåra i løyvet frå Fylkesmannen i Rogaland, knytt til utslepp av anleggsvatn frå tunneldrivinga og utfylling i sjø ved Mekjarvik i Randaberg kommune. Vilkåra var:

  • Vilkår 4.1: «Alle massar som vert brukt til utfylling i sjø skal vere reine»
  • Vilkår 4.3 «For å hindre spreiing av plastavfall skal alle sprengsteinmassar frå Rogfast-prosjektet handsamast før utfylling i sjø, slik at dei ikkje inneheld skyteleidningar av plast mm. Det er ikkje tillat å fylle ut i sjø med massar som inneheld, eller kan innehalde plastavfall.»

Ny informasjon

Vegvesenet har kome med ny informasjon i samband med klagesaka, mellom anna eit testforsøk i Nordland der det er målt spreiing av plast i sjø frå utfylte tunnelmassar. Ut frå dette er det utrekna eit plastutslepp på 224-546 kg frå første fase av Rogfast. Plastutsleppet kjem frå frå elektroniske tennarar (som ikkje flyt) brukt i sprenging av tunnel, 1-4 prosent er venta å bli spreidd ved utfylling i sjø.

Prosjekt av stor samfunnsmessig betydning

Miljødirektoratet har klargjort kva som er meint med reine massar i denne saka. Miljødirektoratet har lagt til grunn reduksjonen av plastbruk for avgjerda om å ta klaga fra Statens vegvesen delvis til følgje. Miljødirektoratet legg til grunn at Rogfast-prosjektet er ein del av ei infrastrukturoppgradering av stor samfunnsmessig verdi. Samstundes blir det peikt på at miljøkonsekvensane av utfyllingar med sprengsteinsmassar burde ha vore langt betre gjort greie for i ein tidleg fase. 

Vedtaket frå Miljødirektoratet gjeld berre denne saka. Ein framtidig søknad for gjennomføring av Rogfast blir gjenstand for ei ny og sjølvstendig vurdering av Fylkesmannen.

Frå plast til stål i armeringa

Plastutsleppet frå Ryfast-prosjektet var i hovudsak som følgje av plastarmering i tunnelane. Dette blei etter kvart stoppa av Fylkesmannen, og vegvesenet gjekk over til å bruka stålarmering for å hindra meir plastutslepp. For første fase av Rogfast er det i søknaden berre planlagt å bruka stålarmering.

Kontaktpersonar