Vis omsyn til villrein i vinterfjellet!

Foto: Petter Braaten, Statens naturoppsyn/Miljødirektoratet
Foto: Petter Braaten, Statens naturoppsyn/Miljødirektoratet

Me ber alle skituristar i vinterfjellet om å vise omsyn til villreinen og unngå unødig forstyrring av dyra.

Snøkledde vinterfjell er ei forlokkande arena for mange nordmenn. Det er viktig å hugse på at me er gjester og at me derfor viser omsyn til dei fastbuande. Villrein er vanlegvis svært sårbar for menneskeleg forstyrring på denne tida. Den har all grunn til å frykte oss, og også fredelege turfolk vil kunne utløysa panikk og flukt hos dyra.

Villrein har ein fenomenal luktesans og med riktig vindretning får den vær på oss på fleire kilometers hald. Det gjeld særleg simlene og ungdyra som følger dei. Bukkane er til vanleg meir tolerante.

Det har vært og er ein svært tøff vinter for villreinen. Villreinen finn ikkje mat der den pleier grunna ekstremt isete beiteforhold i høgfjellet i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde. Dei bruker derfor andre deler av fjellet enn dei normalt gjer om vinteren. Fleire stadar er det observert dyr i lågareliggande terreng.

På grunn av den ekstraordinære situasjonen har fleire innført tiltak, mellom anna har mange kommunar innført ekstraordinær bandtvang, fleire kommunar har stengd skiløyper og Stavanger turistforening har utsett kvisting av vinterløyper og har stengd fleire hytter for booking (sjå meir informasjon i vedlagt brev frå Villreinnemnda for Setesdalsområdet).

Altså, om dykk treff på ein villreinflokk; vis omsyn til vindretning og forsøk å unngå unødig forstyrring. På førehand takk og nyt vinterfjellet!