Urbane måker

I desse tider er fuglane godt i gang med årets hekkesesong. Det tar ikkje mange vekene frå reiret er bygd og egga lagt til små fugleungar skal lære å klare seg sjølve. I denne perioden er fuglane ekstra sårbare. Dei forsøker så godt dei kan å beskytte egg og ungar og kan opplevast som aggressive. Me har derfor nokre råd til korleis denne perioden kan bli best mogleg både for folk og fugl.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.06.2020, Sist endra 01.06.2021

Mange fugleartar, særleg sjøfuglane våre, har ei negativ bestandsutvikling – det blir færre av dei! Klimaendringar, matmangel og arealendringar er ofte hovudårsaker til dette. Dette gjeld også for dei fleste av måkeartane våre. Sjølv om mange tenker at det er motsett, at det no er fleire måker, fordi dei ser måker der dei tidlegare ikkje har sett dei. Det er rett og slett fordi måkene har byrja å søke til nye område for hekking og matsøk.

Fiskemåke er ein av artene som prøver ut meir urbane område, og denne arten kan gjerne velje seg eit hustak eller eit anne meir eller mindre eigna sted for å etablerer seg på reir. Dersom ei måke no har byrja hekking i eit av dine nærområde, og du opplever måka som aggressiv og brysam vil me gje følgande råd:

  1. La måka få være i fred og gjere seg ferdig med ruging og ungeperiode. Fuglane, inkludert reir og egg er freda i hekkesesongen. I tillegg; dersom du fjernar reir og egg vil måka ofte prøve på nytt og du vil forlenge perioden måka oppheld seg der.

  2. Forebygg i forkant av hekkesesongen. Dette er altså for seint i år, men har du område der du ikkje ønsker at hekkande fugl skal etablerer seg så må du iverksette tiltak i god tid før hekkesesongen på våren. Når måkene først er i gang med reirbygginga, må dei få vere i fred.

  3. Tilby alternative hekkeplassar. For å stoppe bestandsnedgangen er det viktig at fuglane får ungar på vengene. Dersom du har område som fuglane likar seg på, men der du ikkje ønsker at dei skal etablere seg, er det fint om du sørger for ein alternativ hekkeplass i nærleiken. Dette er særleg aktuelt på industriområde.

Ta gjerne kontakt dersom du har behov for fleire råd eller rettleiing knytt til urbane måkar eller anna hekkande fugl i ditt nærområde.

Du kan også finne god informasjon på Miljødirektoratet si nettside. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.