Pollinatorforum

Humle pollinerer plante
Humle pollinerer plante (Foto: Fylkesmannen i Rogaland)

Etter eit oppslag på denne nettsida om regionalt miljøtilskot til pollinerande insekt, blei det eit auka fokus på pollinerande insekt i fylket. Same dag, blei det halde en konferanse om pollinerande insekt i Oslo; Pollinatorforum.

På Pollinatorforum blei det tatt opp mange interessante tema både for kommunar, bønder, hageeigarar og andre grunneigarar knytt til tema pollinerande insekt.

Foredraga ligg nå på Youtube, og kan sjåast ved å følgje lenka til konferansen Pollinatorforum på Miljødirektoratet sine nettsider. Me vil spesielt framheve foredraget til forskar Hallvard Elven frå UiO – Naturhistorisk museum: Pollinatorvennlig skjøtsel av hager, veikanter og andre engareal.