Ny lokal forskrift for jakt på grågås i Finnøy, Kvitsøy og Rennesøy kommunar

Fylkesmannen opnar for utvida jakt på grågås i Finnøy, Kvitsøy, og Rennesøy kommunar. I desse kommunane kan jakt på grågås starta 26. juli, 15 dagar før ordinær jakttid.

Tidleg jakt er eit godt verkemiddel for å regulere lokal hekkebestand av grågås i område med store beiteskadar. Resultat frå teljingar lokalt og nasjonalt (og internasjonalt) viser at bestanden av grågås er stor og robust, og det er ikkje grunn til å frykte at den ikkje vil tole eit auka uttak gjennom jakt. Det er viktig at jakta går føre seg på ein måte som ikkje stressar gjæsene slik at dei trekker ut av områda straks jakta startar.

Etter at klagefristen er ute vil Fylkesmannen sende forskrifta til kunngjering.

Sjå vedlagt saksdokument for vilkår knytt til den utvida gåsejakta i dei tre kommunane.