Ingen funn av selsnepe på Ognastranda

Selsnepe er ein skjermplante som er svært giftig, men den veks stort sett utilgjengeleg på veldig våte stader. Det er gjort svært få funn av denne i Rogaland. Dei næraste registreringane er Steigatjørna, Urdalstjørna i Sokndal. For sikre kjenneteiken på selsnepe sjå Helsenorge - Giftinformasjon. Etter synfaring på Ognastranda 7. juni fann me andre plantar av skjermplantefamilien, men ikkje selsnepe.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.07.2018

Selsnepe er ein art som veks i svært fuktig miljø, ofte ute i vatn, elver, kanalar og i feit sumpmark o.l. Det er svært få andre artar av skjermplantane som veks like fuktig som selsnepe. Selsnepen føretrekk næringsrike områder, og vert positivt påverka av auka næringstilgang.

Kjenneteikn på selsnepe

Arten er best kjenneteikna ved at ein delar rota/jordstengelen på langs. Rota er kvit og har mange holrom i etasjar. Andre teikn er kvite til raudlege blomar (vanleg hjå fleire skjermplantar), småblad under småskjermane og utan småblad for storskjermen, blad finna med smale sagtanna fliker, safta blir guloransje og planta luktar frisk grønsak, om lag som selleri. Frøa er runde med låge breie ribbar.

Generell illustrasjon skjermplante

Arten har vore nemnt forveksla med dei langt vanlegare plantane sløke og kvann, men desse veks vanlegvis tørrare. Flikane hjå desse er ofte breiare og ujamt tanna, kvann er og kjend for ein rund storskjerm. Begge dei sistnemnde har tidlegare vore vanlege arter til matlaging.

Forsvarer seg mot beiting

Fleire arter i Noregs flora har utvikla mekanismar til forsvar mot til dømes beite. Slike forsvar inneber giftstoff som også me vil reagere på. Selsnepe er ein av dei alvorlegaste giftene me har i vår flora og det er klart at planten fortener å bli handtert med respekt.

Må ikkje forvekslast med sellerirot

Selsnepe må ikkje forvekslast med andre grønsakar, til dømes sellerirot etc. Ein må hugse å sjå etter hole kammer i rota. Sjå illustrasjonar i flora. Om slike fins må ein hiva planta. Det er difor viktig å ikkje ete av plantar som ein ikkje er heilt sikker på.

Berre eit registrert funn i Rogaland

Arten har i Noreg ein meir austleg utbreiing frå Vestfold og nordover til Trøndelag. I Rogaland ser me denne arten som svært sjeldsynt og berre nokre få funn er registrert. Dei registreringane som ligg nærast Ogna er funn frå Sokndal, Steigatjønn og Urdalstjørna.

Meld frå om funn

Me er svært interessert i eventuelle funn av arten. Send gjerne nokre foto av plantane og opplys om funnstaden, da vil det vere enklare for oss å vurdere eventuelle tiltak.

Fortsatt god strandsommar til alle!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.