Tilskot til trua artar og naturtypar i 2016

Privatpersonar, organisasjonar og kommunar som vil gjera ein innsats for å ta vare på trua artar og naturtypar i 2016, kan søka Miljødirektoratet om tilskot til slike tiltak. Men ver rask, fristen er 15. januar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.01.2016

Fylkesmannen si rolle i tilskotsordninga er å bistå Miljødirektoratet i fordelinga av midlane. Ut frå behova i Rogaland vil vi særleg peika på desse områda:

Naturtypar

Kystlynghei. Denne naturtypen fekk i 2015 ein særskild status som utvald naturtype. Rogaland er det fylket i landet med største areal med kartlagt verdifull kystlynghei. Dei siste åra har eit stadig større areal kome inn under organisert skjøtsel gjennom tilskot over jordbruksavtalen (Regionalt miljøprogram) og frå Miljødirektoratet, og denne satsinga bør førast vidare og styrkast.

Store/hole eiker. Dette er også ein utvald naturtype fordi dei kan vera leveområde for svært mange artar, mange av dei er raudlista. Mange står i kulturlandskapet, ved vegar eller i byggeområde og står i fare for å bli hogne eller skada  dersom nokon tykkjer dei er til ulempe. Det kan søkast midlar til kartlegging, eller rett skjøtsel av trea, t.d. rett skjering dersom det må gjerast inngrep (som alternativ til hogst). Der store eiker finst som beita eikelundar med hagemark, kan det søkast midlar til å  få utarbeidd skjøtselsplan og gjennomført ein best mogleg samla skjøtsel for området. 

Haustingsskog. Det blir gitt tilskot til skjøtsel av «kydlestuvar» over jordbruksavtalen (Regionalt miljøprogram). Der slike stuvar står mange saman i naturtypen haustingsskog eller rik edellauvskog, kan det søkast om  midlar til å få laga ein  skjøtselsplan som omfattar både trea og bakken og gjennomføra ein best mogleg skjøtsel. 

• Andre naturtypar som det kan søkast midlar for å ta vare på, er slåttemark og  kystmyr

 Les meir om fjorårets utlysing.

Artar

Søknader for å ta vare på artar vil bli prioritert etter plassering på raudlista og om det er særleg viktige bestandar av arten i Rogaland.  Særleg aktuelle er: 

Hubro.  Det er særleg prioritert å gi tilskot til energiselskap for tiltak i kraftliner som reduserer tap av hubro. 

Jærtistel. Det er ein handlingsplan for 7 planteartar i Rogaland der det truleg er størst behov for særskilde tiltak for denne arten. (Meir informasjon). 

Svarthalespove er ikkje lenger ein prioritert art, men det er framleis eit stort behov for frivillige avtalar om utsett slått der han hekkar, og det kan søkast om midlar til dette her. 

Åkerrikse.  Også for denne arten blir arbeidet med frivillige avtalar om utsett slått der han hekkar ført vidare. Det kan søkast om midlar på denne posten. 

Elvemusling er ein trua art som er svært nyttig for økosystema i bekkar og elver. Fleire nye lokalitetar vart funne i Rogaland i 2015, og det er framleis fleire som ikkje er oppdaga. Det kan søkast om midlar til kartlegging eller andre tiltak som styrkar bestandar av arten.

Storsalamander finst i nokre små og fisketomme dammar i Ryfylke og på Haugalandet. Her kan ein søke om tilskot til kartlegging eller andre tiltak som styrkar bestandar av arten.

 

Meir om Miljødirektoratets tilskotsordning

Lenke til elekronisk søknadssenter 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.