Påvekst på eikestammar i Stavanger og Sandnes

I samanheng med kartlegging av den utvalde naturtypen store/hole eiker blei det i 2015 notert og samla påvekst på 50 stammar over 200 cm i Sandnes og Stavanger kommunar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.03.2018

Av desse finst både sommareik, vintereik og mellomformer, men det er ikkje lagt vekt på dette, m.a. fordi feltarbeidet for det meste er gjort utanom vekstsesongen utan lauv på eika, og fordi det er ulike mellomformer.

Av desse var ingen hole, men hadde eit varierande innslag av daude greiner plassert på ein skala frå 1-5. Mengda av påvekst er også grovt vurdert på ein skala frå 1- 5 på ein del av trea. Det er berre nedre 2-3 m som er undersøkt.

Informasjon feltarbeid

Feltarbeidet er dels gjort av Ausun Steinnes, dels og saman med John Inge Johnsen, artslistene er då meir fullstendige. Materialet er bestemt av Johnsen. Tilfelle der det ikkje er bestemt sikkert til art er markert som cfr. eller med ? i tabellen (sjå vedlegg) i linje for mest sannsynlege art. Dette gjeld m.a. lav som krev kjemisk reaksjon som ikkje er gjort.

Svært varierande påvekst

Det er stor variasjon i klima og lokalklima frå opent plasserte eiker heilt i vest og inne i Stavanger by, til dei meir nedbørrike delane av Sandnes aust for Gandsfjorden. Påveksten er og svært varierande frå svært sparsam på mange av trea i Stavanger til nesten heildekkande på nokre tre på Dale i Sandnes.

Den største gruppa frå Dale i Sandnes står dels i ein eikehage, dels i tilgrensande gammal mellomrik edellavskog, nokre få i parkliknande miljø mellom bygningane der. Fire eiker i Hommersåk står i park og hage nær eit vegkryss.

Vanlege artar dominerer

Påveksten på stammane er dominert av vanlege artar. Vanlegast, og ofte dominerande er flettemose. Musehalemose er nesten like vanleg og kan og dominera, særleg på nedre del av stammen. Andre artar som finst på rundt eller over halvparten av stammane er grå fargelav, stubbesyl og matteblæremose. Andre artar som er funne på ein god del tre er grå mjøllav (21), Lepraria lobificans (18), Pertusaria albescens (17), brun borklav (14), ribbesigd (11), gulband (11), hinnevortelav (Pertusaria hymenia) (9), muslinglav (8), kystputemose (8), skruevrangmose (7) og kystbustehette (6). På nedre del av nokre stammar finst eit innslag av mosar som oftast veks på bakken, som stor thujamose, kysttornemose og kystkransmose.

Raudalista artar og karplantar

Av karplanter er det funne sisselrot, gaukesyre, barlind (truleg frø frå park/hage) i mosemattene på stammen, ein stamme er dessutan dominert av bergflette.

Det er funne fem raudlista artar, alle lav, på fem tre på Dale i Sandnes. Desse er Rinodina isidioides (CR), grå punktlav (Punctelia subrudecta) (EN), Gyalecta carneola (VU), liten praktkrinslav (VU) og eikelav (NT).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.