God støtte til eit reinare Rogaland

Omfattande marin forsøpling har fått stor merksemd dei seinare år, nasjonalt og i Rogaland. Det vert gjort ein stor innsats av særs mange friluftsfolk, grunneigarar, ideelle og offentlege organisasjonar for å rydde strender og havbotn for enorme menger plastikkavfall.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.04.2018

Stortinget har for 2018 sett av 65 millionar til arbeidet, gjennom ein eigen søknadsordning. Miljødirektoratet har no fordelt midla og vel 5 millionar er gått til støtte i Rogaland, mellom andre har alle dei fire friluftsråda våre fått gode bidrag. Ei rekke nasjonale organisasjonar, som også omfattar Rogaland, har fått 19 millionar. Sjå oversikten her

Fylkesmannen i Rogaland vurderte og ga si tilråding av søknadane til Miljødirektoratet. Vi er glade for at det no blir ein nærmast fylkesdekkande innsats både til lands og i sjøen, i tillegg til mykje godt haldningsskapande arbeid.

Vi ønsker lykke til med innsatsen !

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.